Havvind-leiar: – Me er eit nisselueland
Styreleiaren i den norske havvindklynga håper Noreg vil setja seg eit mål om å bygga ut 30 gigawatt med havvind.

– Me skulle sjølvsagt ha ønskt oss at rettleiaren hadde kome i haust som opphavleg kommunisert. Men me har forståing for at dette er nybrotsarbeid, seier Harald Dirdal i Norseman Wind.
Han kommenterer eit varsel frå olje- og energidepartementet om at det vil koma ein rettleiar om søknadsprosessen knytt til havvindutbygging i løpet av våren. Dette skjer i samband med at områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II blir opna for konsesjonsbehandling frå 1. januar.
Dirdal er éin av aktørane som har varsla at han kjem å senda inn ein søknad for å få bygga ut norsk havvind. Han synest det er positivt at departementet no seier noko om kva tid rettleiaren skal koma.
På nettsida til departementet skildrar også minister Tina Bru utviklinga av eit regelverk for havvind som nybrotsarbeid. Departementet har motteke mange innspel, og dei vil derfor trenga noko meir tid for å laga ein rettleiar.
– Me held fast på at områda bør bli delte ut innan sommaren neste år for å halda ei fornuftig framdrift, seier Dirdal.
Tunge aktørar posisjonerer seg for norsk havvind-utbygging
Sterke konkurrentar
– Me skulle gjerne ha sett at rettleiaren kom tidlegare, men me er veldig glade for at han kjem. Me opplever at departementet har veldig god fart, og at dei tar innover seg innspel, seier Gunnar Birkeland, styreleiar i Norwegian Offshore Wind Cluster.
Ifølgje Birkeland har ikkje forseinkinga noko å seia så lenge ein kan senda inn områdesøknadar før rettleiaren kjem. Han kjenner til at 10–12 norske aktørar ønsker å søka, eit høgare tal enn han hadde sett føre seg.
Birkeland synest det er særleg viktig at Noreg skal halda på ei leiande rolle innan den ferske teknologien for flytande havvindturbinar, sidan den botnfaste havvinden allereie er dominert av aktørar frå andre land.
– Det er ekstremt viktig at ein følgjer planen. Med utlysing i januar vil ein tidlegast få bygging i 2025. Då er truleg Sør-Korea og kanskje også Skottland før oss, seier Birkeland, som også ser på Spania og Frankrike som sterke konkurrentar.
Ønsker eit mål i gigawatt
Birkeland trekk også fram at regjeringa i løpet av våren 2021 vil legga fram ei stortingsmelding om verdiskaping frå norske energiressursar. Havvind vil vera eitt av temaa.
– Saman med opninga av felta er dette det viktigaste me har sett innan flytande havvind. Me har sakna ein tydeleg norsk ambisjon om kor mykje havvind me skal bygga ut.
Han viser til at Storbritannia har sett seg som mål om å bygga ut 40 gigawatt havvind innan 2030, og at EU vil hausta 450 gigawatt frå havvind innan 2040.
– I Noreg har me opna for 4,5 gigawatt, men me har ikkje sett oss noko tilsvarande langsiktig mål. Me er eit nisselueland som spreier tynt utover i mange utviklingsprogram i staden for å satsa tungt, seier Birkeland.
Høyr podkasten Det vi lever av:
Basert på det europeiske målet, meiner Birkeland at Noreg bør kunna sikta seg inn på 30 gigawatt. Då vil det i tilfelle bli snakk om mange fleire område enn dei to som no blir utlyste.
– Me merkar at vindkraftmotstand på land smittar over på havet. Desse tinga må ein svara ut med fakta.
Havforskningsinstituttet lanserer i desse dagar ein rapport der dei peiker på at ein har for lite kunnskap om kva effekt havvindparkar har på livet i havet.
– Institutta vil alltid seia at det manglar kunnskap. Det er det dei lever av. Men vindklynga tar også dette alvorleg og arbeider faktabasert. Me må samarbeida om produksjon av mat og energi frå havet. Det er me og verda avhengige av.
Birkeland peiker på at det skal bli oppretta eit forskingssenter for miljøvenleg energi som skal bidra til å tetta kunnskapshola.