Skal gje solkraft til flyplassen: Frå null til hundre millionar på fem år

Kverneland Energi er av dei som tener pengar på fornybar energi, med Sola flyplass, Stavanger havn og over femti bønder på kundelista.

Aksel Kverneland i Kverneland Energi besøker solcelleanlegget som skal levera straum til flyplassen på Sola.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
  • Jon Ingemundsen
Publisert Publisert

– Perfekt! seier Aksel Kverneland og ler.

Slik skildrar han fjorårets resultat for Kverneland Energi. Ser ein på tala, forstår ein kvifor:

Inntektene meir enn dobla seg, frå 54,9 millionar kroner til 112,7.

Resultatet før skatt kan ein gonga med meir enn fire frå 2020 til 2021, for det steig frå 2,7 til 11,5 millionar kroner.

Den bratte veksten er slett ikkje noko nytt for bedrifta, som har vekse frå null i oppstartsåret 2017. «Solcelleboom i Rogaland» var tittelen då Aftenbladet omtalte selskapet i 2019.

Kverneland Energi finn ein i nabolaget til plogfabrikken Kverneland, som ligg i nærleiken av tettstaden Kvernaland på Jæren.

Les også

Fornybarvekst tross vindbrems i 2021: – Fremtiden har aldri sett lysere ut

Gravemaskinladar

Målet til Kverneland Energi er å redusera samfunnet sin bruk av diesel. Solceller er ikkje det einaste middelet.

– Halvparten av omsettinga vår kjem frå det eigenutvikla batterisystemet vårt. Me har blant anna sørgd for at 60 oppdrettsanlegg i Norge og Canada no går på batteri, seier Kverneland.

No er han særleg stolt av ein ladekonteinar som skal kunna hurtiglada gravemaskinar.

– Skagerak Energi har kjøpt fire slike av oss, seier Kverneland som ser føre seg at marknaden for ladarane vil veksa seg veldig stor etter kvart som det vil bli stilt krav til utsleppsfrie byggeplassar.

Jonas A. Kverneland viser fram ladekonteinaren som kan hurtiglada elektriske gravemaskinar med 360 kilowatt.
Les også

Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

Solceller til flyplass

– Solcellene kjøper me av andre. Men elektronikken og programvara som ligg bak, det utviklar me sjølve, seier Kverneland.

Ti av dei 24 tilsette er ingeniørar. For tida tilset Kverneland éin ny medarbeidar i månaden.

Flyplassen på Sola er i ferd med å få eit 10.000 kvadratmeter stort solcelleanlegg. Dette skal produsera sju prosent av straumen som flyplassen treng. Kverneland Energi er eitt av selskapa som sørgjer for at dette kjem på plass.

Kundane deira er både store og små næringsaktørar, med Stavanger havn som eit eksempel.

Les også

Kverneland Energi med prestisjeprosjekt på Svalbard

Flyplassen på Sola har som mål å vera sjølvforsynt med energi innan 2025. Solcellene er ein del av planen.

Over 50 solcellebønder

Kverneland er oldebarnet til grunnleggaren av plogfabrikken med same namn, og han meiner at Kverneland og jordbruk høyrer saman.

– 50–60 gardar har fått solcellepanel, og det blir nok like mange i år, spår han.

Dei fleste av desse gardane ligg i Rogaland.

Solceller til private hustak har Kverneland rett og slett ikkje hatt tid til dei siste åra.

Les også

Roser Enova, men krever flere strømkrise-grep: – Fortsatt vesentlige mangler

Overskotet har Kverneland, som sjølv er eigar av selskapet, tenkt å bruka til vidare satsing og vekst. Også i år siktar han seg inn på ei dobling av omsettinga.

Publisert
  1. Kverneland Energi
  2. Solceller
  3. Batteri
  4. Fornybar energi
BT anbefaler

Birte (28) visste berre om epidural. Nytt verktøy skal gjere det betre.

– Når du er i gong, har du nok med å puste deg gjennom det

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Over fleire år skal den sjukehustilsette ulovleg ha slått opp i pasientjournalar

  2. Gravemaskin raste 10–15 meter ned – nå får Vegvesenet bot etter ulykken

  3. Når andre får barn, gir det Andrea en følelse hun aldri snakker om

  4. 20 år gammal vart han kalla eit «statsministeremne». Så vart det stille rundt Pål.

  5. – Forsvarsdepartementet, Forsvarsstaben og andre ansvarlige må se seg selv i speilet

  6. – Veien har på rekordtid blitt den største campingplassen i Bergen