EU vurderer særvilkår for kraftindustrien

EU-kommisjonen har oppretta ei eiga arbeidsgruppe som skal vurdere tiltak for å sikre konkurranseevna til EU sin eigen kraftkrevjande industri. Det kan vere godt nytt for Ålvik-samfunnet.

  • Ogne Øyehaug
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 15 år gammel

Den kraftkrevjande industrien i EU slit som konkurrentane i Noreg med høge kraftprisar og pressar på for å få tiltak som skal lette på trykket. Den nye arbeidsgruppa under EU-kommisjonen har mellom anna i oppgåve å avklare kva som blir EU sin politikk for den kraftkrevjande industrien.

Vinn den kraftkrevjande industrien dragkampen i EU er det godt nytt for den raudgrøne regjeringa som leitar etter eit system som gir kraftkrevjande industri særvilkår i Noreg — sjølv etter at dagens avtalar som sikrar verksemder som ferrosilisiumverket Elkem Bjølvefossen i Ålvik billeg kraft går ut på dato.

Vent på EU og sjå

Måndag denne veke varsla Elkem at selskapet vil legge ned i Ålvik og flytte dei 160 arbeidsplassane til Island. Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen svarte med å be selskapet vente med avgjerda, til regjeringa sine tiltak for den kraftkrevjande industrien ligg på bordet.

Nøkkelen for å få til ei løysing ligg hos EU, stadfestar Enoksen sin statssekretær og partifelle, Anita Ulseth.

Ei eiga arbeidsgruppe i Olje- og Energidepartementet har fått i oppdrag å kartlegge alle tiltak for og debattar om kraftkrevjande industri i EU. Målet er å finne tiltak i EU som Noreg kan kopiere.

-Vi får ikkje ei langsiktig avklaring utan at det skjer i nært samarbeid med EU, innanfor EØS-avtalen, seier Ulseth.

I strid med EØS-avtalen

EØS-avtalen gjer det ulovleg å gi norsk kraftkrevjande industri særlege vilkår som billeg kraft i framtida, utan at liknande bedrifter frå EU og Efta får like gode vilkår. Men dersom EU sjølv kjem fram til eit system som gjer det råd å gi delar av industrien særvilkår, vonar regjering at det skal finnast ei løysing også for Noreg.

Svein Sundsbø, direktør for industripolitisk avdeling i organisasjonen Norsk Industri ser for seg at løysinga er ei form for to-prissystem, med særlege vilkår for den kraftkrevjande industrien.

Eit slik system må redusere eller jamne ut skilnad i kraftprisar som skuldast at det kostar å sleppe ut CO2 i europeiske land, medan energiproduksjonen i til dømes Midt-Austen ikkje har slike kostnader. Utan ei slik utjamning vil industrien berre flytte dit der den kan forureine fritt, meiner Sundsbø.

— Det er eit paradoks at det ein gjer for å førebyggje klimaendringar fører til ei global forverring, seier Sundsbø.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Prisfall og kaos i kraftmarknaden

BT anbefaler

Har kjøpt Tollboden: – Det blir ikke kebab her, altså

Etter å ha huset tollere i 260 år, er Tollboden på Nordnes solgt og blir pusset opp. Dette er de nye eiernes planer for et av Bergens mest historiske bygg.

LES SAKEN