Over 60 mister jobben ved Søral

Finanskrisa seigpiner Sør-Norge Aluminium. Husnes-bedrifta kuttar 60 årsverk.

Publisert Publisert

TØFFE TAK FOR TØFFE JOBBAR: Nedbemanninga skjer i alle avdelingar i aluminiumsbedrifta på Husnes. Foto: Bjørn Erik Larsen (ARKIV)

Innan 1.oktober må over 60 tilsette ved Søral slutta. Dermed blir bemanninga redusert til 220. Hjørnesteinsbedrifta i Kvinnherad sysselsette nesten tre gonger så mange på 1970-talet.

— Dette er vanskeleg og alvorleg, både for dei som blir direkte berørte og for dei som blir att. Mange som må slutta har ei lang karriere bak seg i selskapet, seier Sørals administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit.

Alle avdelingar

Nedbemanninga skjer i alle avdelingar ved bruk av sluttpakkar etter mønster frå tilsvarande prosessar i Hydro Aluminium, som eig halvparten av aksjane i Søral. Sluttpakketilbodet er ifølgje direktør Sævartveit lagt opp som ei blanding av frivillig tilslutting og direkte innretting mot visse personell.

Styrevedtaket denne veka om nedskjeringar kjem etter at aluminiumsbedrifta i fjor gjekk med nær 60 millionar kroner i underskot, og hadde eit tilsvarande tap første kvartal i år. Nedbemanninga vil gje ei årleg innsparing på kring 40 millionar kroner, opplyser Søral-direktøren.

Les også

Her blir det kakefest i morgen

Les også

60 Hydro-jobber i fare

Les også

Hydro truer med å flaggeut aluminiumsproduksjon

Ramma over natta

Søral blei så å seia over natta ramma av den internasjonale finanskrisa i 2008, og halverte produksjonen frå våren 2009 ved å stengja den eine elektrolysehallen. Deretter blei så godt som heile staben permittert gjennom ei rotasjonsordning. Den måten å gjennomføra permitteringar på er ikkje lovleg etter 1.januar 2012.

— Det ser ut til at den vanskelege marknadssituasjonen og den låge metallprisen ser ut til å vara ei stund framover, seier Per Øyvind Sævartveit om bakgrunnen for kuttprosessen på Husnes.

Nedlegging ikkje-tema - enno

Sævartveit avviser at nedlegging av Søral er eit tema for bedriftsstyret.

— Men det er klart at ein slik diskusjon vil melda seg visst bedrifta over tid ikkje greier å visa positive resultat, seier Sævartveit, og berømmer måten dei tilsette har takla den alvorlege situasjonen smelteverket har kome opp i.

— Kulturen på Søral er slik at ein forheld seg til sak og fakta. Men det vesentleg nye no er at vi er tvinga til å ta permanente grep, og det er vanskeleg, seier Per Øyvind Sævartveit.

FS00044484.jpg Foto: Søral AS

Publisert