Fleire bransjar kan få «polsk løn»

Offshoreindustrien kan bli neste bransje for polsk bedrift som driv fabrikk i Noreg med «polsk lønsnivå».

Publisert: Publisert:

PIONÈR: Tom Lerberg er på tur til fiskeforedlingsbedrifta på Sotra som han nyleg tok over frå Sekkingstad. Ved å overta drifta sikrar han at dei austeuropeiske arbeidarane kan halde fram med å jobbe langt under norsk tariffløn. Fagrørsla rasar fordi dei fryktar at dette skal spreie seg til andre bedrifter og bransjar.FAKSIMILE: BT skreiv 19. januar om fiskeribedrifta Sekkingstad, der eit polsk firma har teke over fabrikken og dei tilsette. Foto: ØRJAN DEISZ

- Vi ser vel litt på oss sjølv som pionerar, seier den utflytta nordmannen Tom Lerberg, som står bak selskapet Norse Production.

Laurdag kunne BT fortelje om den fiskeribedrifta Sekkingstad på Sotra, som frå årsskiftet let eit polsk firma overta drifta av fabrikken på Sotra (sjå fakta).

Les også

Meiner regjeringa og LO har seg sjølv å takke

På denne måten har dei klart å omgå vikarbyrådirektivet, som frå årsskiftet skulle sikre alle innleigde utlendingar på norske arbeidsplassar norske løns— og arbeidsvilkår. Hjå Sekkingstad jobbar framleis austeuropearane for 100 kroner timen. Det provoserer fagrørsla, som i BT sist laurdag varsla aksjonar mot bedrifta.

Offshore og hotell

Lerberg trur dette berre er byrjinga for systemet med «utflagging i eige land».

Les også

Polske Kasia får 100 kroner timer.Norske kolleger får normal tariff.

- Vi tenkjer litt på offshorebransjen. Det er òg ein bransje prega av høge kostnader og lønningar. Så ein kan tenkje seg ein entreprisemodell i den bransjen òg, seier han.

Lerberg meiner prinsippet kan vere aktuelt for ei rekkje bransjar, ikkje berre i industrien.

- Ein kan tenkje seg noko tilsvarande til dømes i hotellsektoren, der hotelleigaren set ut delar eller heile drifta til eit utanlandsk selskap og sjølv berre driv med branding og kundeservice, seier han.

Vil drive uansett

Nestleiar i LO, Gerd Kristiansen, seier Sekkingstad-saka styrkar deira argument for å få allmenngjort tariffavtalen i fiskeforedlingsbransjen. Skjer det vil òg det polske selskapet måtte betale norsk tariffløn på Sotra.

Timeløna til arbeidarane blir då på minstesatsen, utan ansiennitetstillegg og lokale tillegg. Dei vil heller ikkje få andre gode, som AFP.

Lerberg trur dei skal få lønsemd, sjølv om LO skulle nå fram med kravet om allmenngjering.

- Ja, sjølv med allmenngjering har vi tru på dette her. Vi er såpass godt rusta driftsmessig at vi likevel trur vi skal klare å tene litt pengar, seier han.

- Motsett av sosial dumping

Tom Lerberg flytta til Polen for 20 år sidan, som teknisk sjef for Ringnes og Coca-Cola. Seinare har han hjelpt fleire norske bedrifter, mellom anna vindaugs­produsentar, med å flytte produksjonen til Polen.

Men det er første gong han har gått andre vegen, å eksportere «polske lønningar» til Noreg ved å ta over ein fabrikk her i landet.

- Her har vi tenkt på ein ny måte: Kvifor må vi absolutt flytte arbeidsplassar ut av Noreg fordi det er for dyrt? Vi skaper her ein vinn-vinn-situasjon, seier Lerberg. Han avviser at det her er tale om sosial dumping, slik LO hevdar.

- I Polen er det krise. Viss du i det heile får deg arbeid, er det dårleg betalt, kanskje 1500 zloty (2700 kroner) i månaden. Hos oss får dei fire-fem gongar høgare løn, og med den løna kan dei ha eit godt liv i Polen. Så dette er det motsette av sosial dumping, seier Lerberg, som sjølv er etablert i Polen med polsk kone og born.

Nystarta selskap

Norse Productions vart registrert som selskap i Polen 5. desember i fjor, for å drive fabrikken på Sotra.

- Vi driv berre fabrikken no, men vi skal utvikle verksemda etter kvart til å omfatte sal og distribusjon i Polen og Aust-Europa, seier han.

I tillegg har han planar om eit opplæringssenter for nye arbeidarar.

Laurdag fortalde jusprofessor Stein Evju at selskap som skal drive norske verksemder på denne måten må ha eiga verksemd i heimlandet. Lerberg meiner dei oppfyller det kravet.

- Ja, men vi er i den spede byrjinga, og jobbar med å byggje opp salsverksemda her i Polen, seier han.

Publisert: