Kina og Noregalliert mot EU

EU sine straffetiltak mot kinesiske skofabrikkar kan gi Noreg ein mektig alliert i kampen for fri eksport av oppdrettslaksen, skriver journalist Ogne Øyehaug.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 16 år gammel

Om eit par veker innfører EU etter alt å dømme straffetoll på sko frå Kina og Vietnam. Konkurransen for EU sin eigen skoindustri er blitt for tøff.

EU har rekna seg til at kinesiske og vietnamesiske skomakarer umogleg kan tene pengar med dei prisane dei tek.

Altså er det her snakk om dumping, å selge varene sine under kva dei kostar å produsere. Ergo har EU rett til å reagere med såkalla antidumpingtiltak. Tollen skal gjere kinesiske og vietnamesiske sko så dyre at EU-borgarane heller vil kjøpe sin sko frå europeiske skomakarar, som til dømes utgjer ein stor og viktig industri Italia.

KINESARANE FRYKTAR at tusenvis arbeidsplassar i ein veksande industri vert sett i fare, og protesterer fortørna mot skuldingar om dumpingsal.

Heile reknestykket frå EU er berre tull, meiner kinserarane.

Det argumentet er akkurat det same som norske lakseoppdrettarar brukar mot bakgrunnen for at EU frå januar i år innførte minstepris på norsk laks.

NORSKE STYRESMAKTER vil klage laksestriden inn for Verdas Handelsorganisasjon (WTO) og kinesarane kan kome til å gjere det same. Skostriden vil gi Noreg ei gryande økonomiske supermakt som partnar i kampen mot EU sin bruka av antidumpingtiltak. Norske styresmakter meiner antidumpingtiltak som straffetoll, importkvotar og minstepris er ein uting, som blir misbrukt i handelskonfliktar. Den som vil skulde nokon for dumping har alt for stort rom for å manipulere reknestykka for å dokumenter at det faktisk foregår dumping, meiner Noreg.

Difor legg Noreg stor vekt på at den nye avtalen om internasjonale handel, som kanskje kjem på plass i år, skal sette ein stoppar for antidumpingtiltaka slik til dømes brukar tiltaka i laksesaka.

Det er eit synspunkt som Noreg kan få gehør for i Bejing akkurat no.

Men vil det hjelpe å få kinersarane med på laget?

Det er neppe nok at kinesarane klagar til WTO og får medhald i at EU har rekna feil.

Det gjorde India, den andre framveksande økonomiske stormakta i Asia. I 2002 avgjorde WTO at framgangsmåten EU hadde brukt i sine utrekningar ikkje var i samsvar med WTO-regelverket. Striden gjaldt sengety frå indiske tekstilfabrikkar.

EU VEDGJEKK SINE FEIL og opna for at også andre som var råka av antidumpintiltak på grunn av feil utrekningsmetodar, kunne bli kvitt straffetiltaka.

Ei lita stund trudde norske forhandlarar at lakseavtalen som den gongen skapte vanskar for lakseeksporten, skulle bli oppheva på grunn av India sin siger i WTO.

Den optimismen tok snart slutt, og i etterkant har EU ikkje vorte skremd frå å bruke antidumpingvåpente igjen, korkje mot Noreg eller Kina.

Difor må Noreg håpe på at kinesarane blir så provoserte av EU har dei slår følgje med Noreg i WTO for å stramme krafitg inn på korleis antidumpingtiltak kan brukast.

Publisert: