Slaktar Fleslands Avinor

100 flygeleiarar for lite. Ei ekstrarekning berre i år på 100 millionar kroner. Store forseinkingar som gjev store samfunnsøkonomiske tap. Dette er status eit halvt år etter at Avinor-sjefen, Randi Flesland, måtte gå frå jobben.

  • Vidar Ystad
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 16 år gammel

Den nye leiinga i Avinor meiner nå at det er innpå 100 flygeleiarar for lite. Det utgjer ein manko på rundt 20 prosent. For å dekke opp behovet og redusere skadeverknadane, har flygeleiarane gått med på å jobbe meir overtid, jobbe annakvar helg og flytte på feriar. Det er søkt om og gjeve dispensasjon for å auke overtidstimane frå 200 til 300 årleg. Dette har saman med ein viss lønsauke ei årleg kostnadsramme på 100 millionar kroner.

Knallhard kritikk

Hittil har ingen stilt spørsmålet om kven som skal haldast økonomisk ansvarleg for misæren.

Men arvtakaren etter Flesland som toppsjef i Avinor, Sverre Quale, er knusande i sin kritikk av forgjengaren:

«Hovedfeilen var ensidig fokus på kostnadene. Man skulle spare 400 millioner i året innen utgangen av 2005 og gjorde dette uten å justere kursen for endringer på inntektssiden..... Nå ser vi at de 400 millionene man forsøkte å spare på kort sikt neppe gir økonomisk gevinst på lengre sikt, tvert imot. Vi har ikke sett de endelige tallene ennå. Tiden vil vise. Men mye tyder på at vinninga har gått opp i spinninga på lufttrafikksiden.»

Dette uttalar Quale til bladet «Flygelederen», organ for Norsk Flygelederforening. Bladet er nå under utsending.

Quale er på ferie og har ikkje vore tilgjengeleg på telefon. Men ifylgje formannen i Norsk Flygelederforening, Rolf Skrede, og redaktøren i «Flygelederen», er intervjuet med Quale gjennomlese og godkjend av Quale.

— Vi må ta oppvasken

Skrede oppsummerer situasjonen slik overfor Bergens Tidende:

— Nå har den tidlegare flysikringsdirektøren, den tidlegare administrerande direktøren og den tidlegare styreleiaren i tur og orden måtte forlate postane sine. Tilbake sit dei utskjelte flygeleiarane. Det er vi som må ta «oppvasken» etter eit feilslege eksperiment som var sett i verk av leiarar som berre var på jakt etter kortsiktige økonomiske vinstar.

Quale slo alarm alt medan han var sjef for Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane. I ein rapport frå i fjor sommar, retta han kritikk mot Avinor for manglande vektlegging av fagleg- og tryggingskompetanse.

Mange år fram

Per Harald Pedersen, som er fungerande flysikringsdirektør i Avinor, seier til Bergens Tidende at han trur det vil ta 3-5 år å få heva talet på flygeleiarar til eit akseptabelt nivå.

Skrede trur for sin del det vil ta 5-10 år.

  • Med fullt trykk på utdanninga vil vi kunne få 24-40 nye flygeleiarar årleg. Men det tek to-tre år med utdanning, og det tek difor tid før vi ser effekten, seier Pedersen.

Pedersen kallar kalkylane som tidlegare vart laga i Avinor over behovet for flygeleiarar var «papirøvingar». Det vart ikkje laga risikosikringsanalysar, og Avinor tok heller ikkje inn over seg behovet for flygleleiarar til fleire typer oppgåver. Det gjeld mellom anna prosjektarbeid i løpande prosjekt.

Flykta frå Avinor

Forutan at behovet for flygeleiarar er blitt undervurdert, har Avinor også mist mange flygeleiarar.

  • Vi har mista 40 flygeleiarar på 1 ½ år. Nokre har gått til Midt-Austen, nokre til New Zealand og nokre til Canada, seier Pedersen.

Han legg til at å leige inn kompetanse mellom anna til prosjektarbeid, slik ein nå må gjere, er dyrt. Han seier at lønsmidlar frå ledige stillingar likevel gjer at det ikkje blir vesentlege overskridingar.

Skrede er ikkje overtydd om det. Han trur det blir meirkostnadar som i neste omgang fører til at Avinor må auke flyplassavgiftene, slik at rekninga til slutt havnar hjå flypassasjerane.

Ifylgje Skrede har det siste lønsoppgjeret for flygeleiarane resultert i aukande interesse frå flygeleiarar frå både Sverige og Danmark for jobb i Noreg. Dessutan verkar det saman med haldninga frå den nye leiinga i Avinor til å stoppe avgangen av norske flygeleiarar.

FÅR STERK KRITIKK: Svingar svøpa over den avgåtte toppsjefen i Avinor, Randi Flesland.
Publisert