Skatt Vest krev nærare 300.000 kroner frå Selje Hotel

Fire dagar før Selje Hotel brann ned, starta Skatteetaten tvangsinnkrevjing av ubetalte krav.

TOTALSKADD: Selje Hotel vart totalskadd i brann natt til fredag 25. november. No er tre menn sikta for å ha starta brannen. Biletet er teke fredag 2. desember. ODDLEIV APNESETH

Måndag 21. november tok Skatt Vest såkalla utleggsforretning i AS Selje Hotel. Kravet er på 284.886 kroner, utan at tinglysinga går nærare inn på detaljane.

Fire dagar etter at kravet vart tinglyst, natt til fredag 25. november, stod hotellet i full fyr. No er tre vaksne menn mistenkt og arrestert for å ha sett på eller medverka til brannen.

Tvangskrav frå Skatteetaten

– På grunn av teieplikt kan me ikkje kommentera enkeltsaker, men på generelt grunnlag er det slik at når skatt- og avgift ikkje vert betalt, kan me krevja det inn med tvang. Då er første trinn i tvangsinnkrevjinga ei utleggsforretning, skriv seksjonssjef Frode Steindal i Skatt Vest i ein e-post.

Les også

De tre mennene som er siktet etter hotellbrannen i Selje anklages for forhold som kan gi inntil 15 års fengsel.

Utleggsforretning er eit ufrivillig pant, og i dette høvet fungerer hotellets tomte- eller eigedomsverdi som tryggleik for Skatt Vest sitt krav, syner tinglysinga.

Vert ikkje kravet betalt er neste trinn å be tingretten eller namsfogden om tvangssal av eigedelane det er teke utleggspant i.

– Til dømes fast eigedom, bil eller båt, legg Steindal til.

– Eintydige bevis om påsetjing

Hotellet i Selje fekk nye eigarar for drygt tre år sidan.

Dei tre sikta er svært sentrale i den noverande drifta av hotellet. Den eine står formelt sett oppført som éin av to eigarar. Den andre, ei kvinne, er ikkje mistenkt for å ha noko med saka å gjera.

Strafferamma for det eine høvet i siktingane, som er like for dei tre mennene og gjeld særleg grovt skadeverk, er 15 års fengsel.

– Bevisa trekkjer eintydig i retning av forsettleg påsetting av eld. Du ville skjønt det sjølv om du hadde sett åstaden. Politiets oppgåve no er å finna ut av kven som gjorde det, seier ansvarleg jurist, Magnus Engh Juel.

Forsikringsselskapet: – Store verdiar

Gjensidige stadfestar ovanfor BT at dei står som forsikrar av hotellet. Allereie har dei vore på plass med takstfolk på staden, men grunna tryggleiksmessige omsyn måtte dei venta på både politiets og brannvesenets undersøkingar.

Les også

Selje hotell totalskadd i brann

– Før me gjer noko meir, må me venta på politiet si etterforsking. For oss er det alltid viktig å finna grunnen til brannen, seier informasjonssjef Arne Voll, som i stor grad berre kjenner saka frå media.

– Kva verdiar er det snakk om her?

– Store verdiar, inga tvil om det. Det er eit svært hotell som har brunne ned. Men det er for tidleg å meina noko om beløpet, og ikkje mogeleg å uttala seg om forsikringssummen.

– Me er tomme for ord

For ekteparet Harald og Gerd Kjellaug Berge, som bur i fjellsida som ligg fem minuttar unna brannstaden, er det framleis eit sjokk å sjå at livsverket deira gjekk med i brannen. Men at det kan ha vorte påtent, er svært tungt å fatta.

– Me vart gjort kjende med dette i går kveld. Det vert berre verre og verre, og tristare og tristare, seier Harald Berge, som saman med kona Gerd Kjellaug Berge bestemte seg for å selja då dei runden 70 år.

– At politiet trur at brannen er påtent, tykte me sjølvsagt var heilt forferdeleg. Me kan ikkje skjøna at folk kan setja fyr på eit hotell. Det høyrest heilt meiningslaust ut. Me er tomme for ord, og har snart ikkje meir å seia.

Ekteparet nytta to-tre år på å få seld hotellet. Nye eigarar gjekk inn i 2014 og Akcay-familien frå Sverige har sidan stått for drift og eigarskap av Selje Hotel. Mellom anna har dei tidlegare drive restaurantar i Stockholm.

Raude tal for hotellet

Tal frå rekneskapen syner at hotellet har slite over fleire år. Me må attende til 2009 for å finna overskot på botnlinja.

Berre i fjor sank omsetnaden med meir enn 800.000 kroner frå året før, og då frå 10,4 millionar til 9,6 millionar kroner i 2015. Underskotet enda på 2,5 millionar, ein auke frå 1,9 millionar kroner i 2014.

1,7 millionar kroner av underskotet for i fjor skriv seg frå valutatap. Selskapet har store deler av gjelda si i sveitsiske franc.

Revisoren som gjekk gjennom reikneskapet i fjor meinte at det knytta seg stor uvisse til den vidare drifta

– Me fekk eit veldig positivt inntrykk av dei nye eigarane. Det trur eg alle som var med på forhandlingane tenkte. Heilt sidan dei kjøpte, har dei budd i Selje, fortel Harald Berge.

– Kva verdiar var det på hotellet då dei overtok?

– Ikkje nokon særskilde. Me hadde nokre rom med måleri av lokale kunstnarar, men det var ikkje snakk om så store verdiar.

Les også

Livsverket gikk opp i flammer

Dagleg leiar ved Selje hotell, Aydin Akcay, har tidlegare sagt til BT at han var i sjokk då han fekk melding om brannen.

– Det var politiet som informerte meg om brannen. Dette var ein tung beskjed å få. Eg sit no i bilen på veg til Selje, sa han då.

FØR: Slik såg Selje Hotel ut før det brann. BT-ARKIVET

Risikerer null erstatning

Hotellet står på den gamle prestetomta i bygda og Sparebanken Vest har pant i hotellets eigedom. Banken er i dialog med forsikringsselskapet.

– Utover det kan me ikkje kommentera enkeltengasjement. Det er oppretta sak, og me må venta på politiets etterforsking. Først og fremst er dette ei svært trist sak for lokalsamfunnet i Selje, seier informasjonssjef Lars Ove Breivik.

Gjennom årenes løp har Gjensidige kome borti fleire bygningar som har vorte påsette med vilje for å få utbetalt forsikringspengar. På generelt grunnlag ser dei på slike saker som svært alvorleg.

– Ein ting er det økonomiske, det andre er å utsetja personar eller omgjevnader for ekstrem fare. Det er det verste i slike saker, seier Arne Voll.

– Vert ein dømt i slike saker, kan ein få kraftig reduksjon eller null kroner i erstatning, legg han til.