Var med på første og siste tur

Sundag markerte slutten på 51 sesongar for Hangursbanen på Voss.

Publisert Publisert

DÅ OG NO: Johannes Seim (61) tok bana opp under opninga i 1963 - og ned under stenginga i 2015. - Det er vemodig at det no er slutt, seier han. Foto: Guro Valland

SER FRAMOVER: Tidlegare kulekøyrar, Kari Traa, var ein flittig brukar av Hangursbanen i barndomen. Ho staka seg på ski frå heimen på Lydvo og bort til bana for å koma seg til fjells. - Dette er sjølvsagt ein trist dag, men eg er glad for at øvre stasjon skal takast vare på, seier Traa.

VEMODIG: Kjellaug Gjerstad Norheim (t.v.) og Gerd Fleischer Tønjum har mange minner frå Hangursbanen. - Det var kø, kø, kø, men veldig sosialt, seier Norheim. Mannen til Tønjum, hotelleigar Olaf Fleischer Tønjum, var ein av pådrivarane for å få på plass Dinglo og Danglo i si tid. - Det var heilt utruleg då bana kom. Det var nesten ikkje til å tru, seier Tønjum. Foto: Guro Valland

- TRIST: Samuel Meyer (t.v.) jobba på Hangursbanen i ei årrekkje. Her med Jan Fredrik Fleischer Tønjum, som var læregut hjå Meyer ved sida av skulen. - Det er ein trist dag, seier Meyer. Foto: Guro Valland

MØNSTRAR AV: Nils Børsheim (t.v.) og Steinar Dahle har vore sesongarbeidarar ved Hangursbanen i fleire år. - Alt har sin ende, men det er ein spesiell dag, seier Dahle. Foto: Guro Valland

SISTE TUR: Denne gjengen hadde meldt seg på for å vera med på den siste turen med Hangursbanen. Foto: Guro Valland

FLITTIG: Marcio Franco frå Brasil plar nytta banen fleire gonger for dagen, både til å fly og til å sykla ned att. - Det har vore eit fantastisk tilbod, seier han. Foto: Guro Valland

SLUTT: Trass vekslande vær var det ein heil del som nytta sjansen til å ta Hangursbanen ein aller siste gong. - Me har nok runda godt over 200 personar, fortel Steinar Dahle frå billettluka. Foto: Guro Valland

  • Guro Valland
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Johannes Seim (61) skodar mot Vangsvatnet på Voss. I tåkeheimen der nede kan han skimta Hangursbanen, eit landemerke av dimensjonar.

Les også:

Les også

Mindre konsertar får du ikkje på Vossa Jazz

Seim var berre ein gutunge på ni år då Dinglo og Danglo tok han i fjells under opninga i 1963. Denne sundagen skal han ned att — for aller siste gong.

— Det var opp og ned, og opp og ned. Eg var med på den første turen og no vert eg med på den siste. Kjem det ny bane er det no greitt at han må stengja. Men eg må seia at eg er litt tvilande, fortel Seim.

- Tristaste dagen

Snart er rivinga i gang av turistattraksjonen som har vore Voss sitt blikkfang i nærare 52 år.

SAKN: -Vemodig, det er det rette ordet. Hangursbanen er eit varemerke for Voss og det er veldig synd at den stengjer, seier Britt Himle. Sølvi Hesslevik og Liva Hesslevik (4) er samde. -Det har vore veldig lett å koma seg raskt til fjells. No håpar me at det ikkje tenk for lang tid før det kjem på plass ein ny. Det er viktig for bygda, seier mamma Sølvi. Foto: Guro Valland

Planar for ny bane er lagt, men det kan ta fleire år før han er på plass. Les også:

— Dette er den tristaste dagen eg har hatt på Voss, seier Marcio Franco frå Brasil.

Med sykkelen på ryggen har Dinglo og Danglo gitt han fleire turar for dagen, med 660 høgdemeter å ta unna både på sykkelstiar og med paragliderskjerm.

— Hangursbanen var ein av grunnane til at eg flytta hit. Det er berre trist alt saman. Eg held håpet oppe, seier Franco.

Kan ta fem år

Om han siktar til ny bane, kan det fort gå lang tid. Voss Resort har planar om både nytt hotell og ny bane i eitt, men problemet er finansieringa. Det er antyda at Voss må klara seg utan Hangursbane i to til fem år.

Les også:

Les også

Nytt hotell på Voss

Pessimistane trur at den nye banen aldri vert bygd, men prosjektet går framover. Førre vekke vart den overordna reguleringsplanen godkjent, fortel Øyvind Wæhle, adm.dir. i Voss Resort.

— Det er vanleg at folk ikkje heilt trur på slike prosjekt, og ein trudde nok ikkje på det for vel 50 år sidan heller. Det er viktig med visjonar og draumar, elles skjer det ingenting. Me har trua på at me skal få dette til, seier Wæhle.

— Me vil løfta bygda, legg han til.

Etterlyser bergensarar

Ein ny Hangursbane vil kosta fleire hundre millionar kroner. Ein del av eigenkapitalen skal koma frå sal av husvære i eit bustadkompleks i Hangursvegen, der nedre stasjon står i dag. Førehandssalet har gått litt tregare enn venta, utan at det treng velta prosjektet.

— Då Hangursbanen vart bygd i si tid, fekk me hjelp frå bergensarane. Kanskje dei kan koma og hjelpa oss denne gongen og, spør Hans Engelsen Eide, vossing, forretningsmann og tidlegare freestylekøyrar. Han er full av entusiasme for det nye prosjektet. Sjølv vaks han opp like ved nedre stasjon.

— Det vert eit eventyr med ny bane, slår han fast.

Arbeidsstad i 34 år

Ein rekkje entusiastar, eldsjeler og tidlegare tilsette fylte opp den aller siste gondolen ned frå Hangurstoppen sundag. Med høgtidleg helsing takka Øyvind Wæhle frå Voss Resort kvar og ein av dei i handa.

Pål Erdal har brukt Hangursbanen så mykje han berre har klart.

— Og særskilt no i seinare tid, seier Erdal, og peikar på sekken med paraglidaren.

— Dette er ein historisk dag, og sjølvsagt ein vemodig dag.

Samuel Meyer, opphavleg frå Bergen, hadde fjellheisane som arbeidsstad i nærare 34 år.

— Det er ein veldig trist dag. Eg får vondt i magen av dette, seier han.

— Og eg tykkjer det er usympatisk at det skjer på denne måten. Me veit jo ikkje når det kjem ny bane, legg Meyer til.

Håpar på felles giv

Jan Fredrik Fleischer Tønjum var læregut hjå Meyer på 80-talet. Også han var med på den siste turen.

Tønjum meiner det er ein del av identiteten til Voss som no vert vekke.

— Hadde føresetnadane for ny bane vore på plass, ville det vore enklare å skjøna at dette er siste tur. Men samstundes må eg seia at det hadde vore knakandes flott med ny bane. Eg håpar at alle som kan kjem til å bidra til nettopp det.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Sakene flest leser nå