Johannes Seim (61) skodar mot Vangsvatnet på Voss. I tåkeheimen der nede kan han skimta Hangursbanen, eit landemerke av dimensjonar.

Les også:

Seim var berre ein gutunge på ni år då Dinglo og Danglo tok han i fjells under opninga i 1963. Denne sundagen skal han ned att — for aller siste gong.

— Det var opp og ned, og opp og ned. Eg var med på den første turen og no vert eg med på den siste. Kjem det ny bane er det no greitt at han må stengja. Men eg må seia at eg er litt tvilande, fortel Seim.

- Tristaste dagen

Snart er rivinga i gang av turistattraksjonen som har vore Voss sitt blikkfang i nærare 52 år.

SAKN: -Vemodig, det er det rette ordet. Hangursbanen er eit varemerke for Voss og det er veldig synd at den stengjer, seier Britt Himle. Sølvi Hesslevik og Liva Hesslevik (4) er samde. -Det har vore veldig lett å koma seg raskt til fjells. No håpar me at det ikkje tenk for lang tid før det kjem på plass ein ny. Det er viktig for bygda, seier mamma Sølvi.
Guro Valland

Planar for ny bane er lagt, men det kan ta fleire år før han er på plass. Les også:

— Dette er den tristaste dagen eg har hatt på Voss, seier Marcio Franco frå Brasil.

Med sykkelen på ryggen har Dinglo og Danglo gitt han fleire turar for dagen, med 660 høgdemeter å ta unna både på sykkelstiar og med paragliderskjerm.

— Hangursbanen var ein av grunnane til at eg flytta hit. Det er berre trist alt saman. Eg held håpet oppe, seier Franco.

Kan ta fem år

Om han siktar til ny bane, kan det fort gå lang tid. Voss Resort har planar om både nytt hotell og ny bane i eitt, men problemet er finansieringa. Det er antyda at Voss må klara seg utan Hangursbane i to til fem år.

Les også:

Pessimistane trur at den nye banen aldri vert bygd, men prosjektet går framover. Førre vekke vart den overordna reguleringsplanen godkjent, fortel Øyvind Wæhle, adm.dir. i Voss Resort.

— Det er vanleg at folk ikkje heilt trur på slike prosjekt, og ein trudde nok ikkje på det for vel 50 år sidan heller. Det er viktig med visjonar og draumar, elles skjer det ingenting. Me har trua på at me skal få dette til, seier Wæhle.

— Me vil løfta bygda, legg han til.

Etterlyser bergensarar

Ein ny Hangursbane vil kosta fleire hundre millionar kroner. Ein del av eigenkapitalen skal koma frå sal av husvære i eit bustadkompleks i Hangursvegen, der nedre stasjon står i dag. Førehandssalet har gått litt tregare enn venta, utan at det treng velta prosjektet.

— Då Hangursbanen vart bygd i si tid, fekk me hjelp frå bergensarane. Kanskje dei kan koma og hjelpa oss denne gongen og, spør Hans Engelsen Eide, vossing, forretningsmann og tidlegare freestylekøyrar. Han er full av entusiasme for det nye prosjektet. Sjølv vaks han opp like ved nedre stasjon.

— Det vert eit eventyr med ny bane, slår han fast.

Arbeidsstad i 34 år

Ein rekkje entusiastar, eldsjeler og tidlegare tilsette fylte opp den aller siste gondolen ned frå Hangurstoppen sundag. Med høgtidleg helsing takka Øyvind Wæhle frå Voss Resort kvar og ein av dei i handa.

Pål Erdal har brukt Hangursbanen så mykje han berre har klart.

— Og særskilt no i seinare tid, seier Erdal, og peikar på sekken med paraglidaren.

— Dette er ein historisk dag, og sjølvsagt ein vemodig dag.

Samuel Meyer, opphavleg frå Bergen, hadde fjellheisane som arbeidsstad i nærare 34 år.

— Det er ein veldig trist dag. Eg får vondt i magen av dette, seier han.

— Og eg tykkjer det er usympatisk at det skjer på denne måten. Me veit jo ikkje når det kjem ny bane, legg Meyer til.

Håpar på felles giv

Jan Fredrik Fleischer Tønjum var læregut hjå Meyer på 80-talet. Også han var med på den siste turen.

Tønjum meiner det er ein del av identiteten til Voss som no vert vekke.

— Hadde føresetnadane for ny bane vore på plass, ville det vore enklare å skjøna at dette er siste tur. Men samstundes må eg seia at det hadde vore knakandes flott med ny bane. Eg håpar at alle som kan kjem til å bidra til nettopp det.