Naturvernarar krev opne gruveplanar

Naturvernforbundet bad om innsyn i gruveplanane i Naustdal. Då dokumenta kom, var sentrale opplysningar om gruvedrift og fjordfylling sladda.

AKSJONAR: I februar 2016 vart aksjonistar, som freista å stoppa Nordic Minings arbeid på Engebøfjellet, fjerna av politiet. Tor Høvik

– Heile denne prosessen er urimeleg. Direktoratet held oss og alle som bryr seg om dette for narr, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg.

Gruveselskapet Nordic Mining har planar om å ta ut mineralet rutil frå eit dagbrot i Engebøfjellet og dumpa overskotsmassane i Førdefjorden i Sunnfjord. No står striden om selskapets søknad om driftskonsesjon.

Då Naturvernforbundet etter to veker, fekk innsyn i desse dokumenta, var sentral informasjon sladda av Direktoratet for mineralforvaltning. Sladdinga var grunngitt med konkurranseomsyn.

– Naturvernforbundet har følgd denne saka i over ti år, og no blir vi nærmast gåande i blinde, seier Lundberg.

DEPONI: Planane om fjorddeponi i Førdefjorden møter motstand. Odd E. Nerbø

Fleire planar

Ho er fortørna over at opplysningane om kor mykje malm Nordic mining har planar om å ta ut, er hemmelege. Dermed blir det heller ikkje offentleg kjent kor mykje masse som skal fyllast i fjorden.

Naturvernforbundet etterlyser også opplysningane om finmalingsgrad, underjordsdrift og sprengingsmetodikk. Alt om investeringskostnadar og finansierings- og driftsplan er dessutan unnateke offentleggjering.

– Alt dette er informasjon som er naudsynt for å vurdera heilskapen i prosjektet, seier Lundberg.

Ho peikar på at Nordic Mining la fram ein studie i 2017. Der opererte dei med andre kjemikaliar og mindre mengder overskotsmasse enn dei tidlegare hadde søkt om.

– Grunna sladdinga i denne søknaden får vi ikkje vita kva som ligg til grunn for gruveprosjektet no, dei opphavlege planane, eller dei nye.

Spørsmål til næringsministeren

Naturvernforbundet klagar på sladdinga, som dei meiner det ikkje er grunnlag for, og meiner dei har rettmessig krav på opplysningane.

I fjor kom selskapet Arctic Mineral Resources (AMR) på banen med planar om å vinna ut granat frå same fjellet. Lundberg meiner likevel at det neppe kan vera reell konkurranse med dette prosjektet, som kan rettferdiggjera hemmeleghaldet.

– Desse planane er svært ulike. Grunneigarane som står bak Arctic Mineral Resources planlegg til dømes ikkje fjorddeponi, seier ho.

Også miljøpolitisk talsperson Lars Haltbrekken, som sit på Stortinget for SV, har gått inn i saka med spørsmål til næringsministeren om å bidra til rask offentleggjering av søknaden om driftskonsesjon. Når denne no er frigitt i sterkt sladda versjon, er Haltbrekken langt frå nøgd.

«Vi står foran et av de største miljøinngrepene på svært lang tid, da må offentligheten får full informasjon. Vi må vite årlig mengde malm som skal taes ut, årlig mengde avgangsmasse, hvor finmalt det blir, samt hvilken type og hvilken mengde kjemikalier som skal brukes», skriv Haltbrekken til BT.

– I mot uansett

– Det kan vera ulike grunnar til å halda nokre detaljar tilbake, men vi trur det er meir enn nok opplysningar her til å danna seg eit klart bilete av prosjektet. Vårt inntrykk er at Naturvernforbundet er mot alle former for fjorddeponi, og dei endrar nok ikkje syn om alle opplysningane her var opne, seier dagleg leiar i Nordic Mining, Ivar S. Fossum. Han fortel at verksemda no lagar ei siste studie av gruveprosjektet, som blir offentleg i løpet av året. Her kjem det oppdaterte informasjon.

– Naturvernforbundet seier det kom ein studie i 2017 med andre kjemikaliar og lågare tal for massar til deponi enn det som opphavleg var planlagt.

– Det er ikkje store endringar frå 2017 tala, med blant anna betydeleg reduksjon i mengdene til deponi. Så er det slik at vi stadig får innspel til bruk av restmineralane. Disse mogelegheitene blir meir konkrete etter som vi nærmar oss produksjon, og over tid kan dette redusera deponiet i fjorden.

– Det er då ikkje konkurranse om gruvedrift i Engebøfjellet. Då kan vel ikkje konkurransetilhøve vera gyldig grunn til hemmeleghald?

– Konkurranseforhold er noko vi må vurdera løpande, men etter kvart vil det aller meste vera open informasjon, seier Fossum.

Avgjerda om hemmeleghald er fatta av Direktoratet for mineralforvaltning (DMF), etter ønskje frå Nordic Mining.

– Alle som søkjer driftskonsesjon får ei stadfesting på søknaden som er sendt til oss, der vi også ber vi om tilbakemelding om eventuelle opplysningar som er underlagd teieplikt. Søkjaren Nordic Rutile AS har meldt tilbake kva dei meiner skal vera unnateke offentleggjering. DMF har deretter gjort ei sjølvstendig vurdering.

Innsynskravet frå Naturvernforbundet er vurdert ut frå offentleglova §13, jf. forvaltningslova § 13. Informasjonen som er unnateke offentleggjering, er vurdert å vere bedriftssensitiv informasjon på dette stadiet i prosessen, skriv direktoratet i ein epost til BT.