• GRAVERANDE: Alle dei fire tiltalepunkta som Økokrim har tatt ut mot tidlegare advokat Jon Eilif Orrem (64) har ei strafferamme på seks års fengsel.– Ei av dei meir graverande advokatsakene me har vore borti, seier politiadvokat Åsne Hana Torgersen. Biletet er frå ei tid attende og der Orrem møtte som saksøkt. FOTO: Tor Høvik (arkiv)

For to år sidan ransaka dei kontoret hans. No har Økokrim tatt ut tiltale mot eksadvokat Orrem.

Jon Eilif Orrem skal ha forsynt seg av klientmidlar for over to millionar kroner og lurt ein lokal investor for langt meir. No har Økokrim tatt ut ein fire sider lang tiltale mot den tidlegare bergensadvokaten.