Folk i Odda får flytte heim

I dag får Jorunn Hellen og resten av dei evakuerte i Odda flytte heim.

Publisert Publisert

PÅ HOTELL: – Når vêret er som dei siste dagane, tenkjer eg på rasfaren. Elles ikkje, seier Jorunn Hellen, som tysdag åt frukost på Hardanger Hotell. Foto: GUNN GRAVDAL ELTON

Onsdag formiddag har lensmannen i Odda oppheva evakueringa, nær to døgn etter at bebuarane i 15 hus på Tokheim fekk melding om å forlate heimane sine.

Jorunn Hellen vart ringt opp av politiet som sa at ho fritt fekk køyre heim.

– Korleis kjennest det?

– Både òg, vil eg seie. Det blir sjølvsagt godt å kome heim, men eg klarar ikkje heilt å gløyme snøskredfaren, seier ho.

varsom.no er snøskredvarselet for Hardanger justert ned frå grad fire til grad tre. Det tyder at snøskredfaren framleis er betydeleg. Skalaen går til fem.

Ordførar Roald Aga Haug seier at kommunen saman med NVE vil vurdere om skredsikringa i området er tilstrekkeleg.

– Det er naturleg nå å oppsummere og vurdere kva som kan gjerast i forhold til kva som er gjort tidlegare, seier Haug.

Rekvirerte helikopter

Måndag kveld blei 29 bebuarar evakuerte frå Tokheim i Odda. Tysdag morgon rekvirerte ordførar Roald Aga Haug eit helikopter for å sjå om dei kunne få avklart tilstanden til snømassane i fjellet.

Tysdag ettermiddag informerte han om resultatet på eit folkemøte.

– I morgon skal vi gjere nye vurderingar, og så blir det eit nytt møte klokka 1600, sa Haug tysdag.

Tilbodet om informasjonsmøte på Hardanger Hotell klokka 16 står ved lag, sjølv om dei evakuerte har fått reise heim.

Fleire ras

Jorunn Hellen var næraste nabo til huset som vart tatt av ras på Bleie for over 20 år sidan. Så flytta ho til Odda.

Måndag kveld var ho mellom dei 29 bebuarane på Tokheim i Odda, som vart evakuerte på grunn av rasfare.

– Det er skremmande, rett og slett, seier ho.

Tysdag morgon et Hellen frukost på Hardanger Hotell, der ho og dei andre evakuerte har budd denne natta.

Hellen er pensjonist og har difor ikkje nokon jobb å gå til tysdag. Ho trur det blir ein lang dag med venting på ny beskjed om rasfaren. Klokka fire blir det nytt informasjonsmøte for bebuarane.

Faregrad fire av fem

Politiet tok avgjerda om å evakuere 15 bustader måndag i samråd med geologar frå Norges Geologiske Institutt. Geologane har vurdert snøskredfaren som faregrad fire av fem på den internasjonale faregradsskalaen.

Hellen stod over middagsgrytene då det banka på døra måndag ettermiddag. Utanfor stod to politifolk med melding om at ho måtte forlate bustaden.

– Eg fekk ein halvtime og sa til meg sjølv. Hugs i alle fall medisinar. Mykje anna som eg gjerne skulle hatt med meg, gløymde eg, fortel ho.

Hellen køyrde sjølv inn til sentrum og fekk eit rom på hotellet.

Det er ikkje første gong Jorunn Hellen er evakuert på grunn av rasfare. I 1994 gjekk det eit svært ras lenger ute i fjorden, som knuste eit bustadhus på Bleie. Den gongen gjekk det ikkje menneskeliv. Familien Hellen var næraste nabo og vart evakuerte.

Ras i same område

Så flytta ho til Odda, der ho bur i ein einebustad øvst i Tokheimsvegen.

– Høyrer du at det går ras oppe i fjellet?

– Det går alltid nokre snøras på denne tida, men dei plar stansa lenger oppe. Etter raset i 1993, i same område, vart det reist ein sikringsmur for bebyggelsen.

– Tenkjer du mykje på rasfaren?

– Ja, når vêret er slik som dei siste dagane, med mykje nedbør og regn. Elles ikkje. Fjella ligg der. Det er ikkje så godt å flytte fjell, seier Janne Hellen.

Publisert