- Vegen vil vere stengt lenge

Oppryddingsarbeidet startar først når det er trygt.

Publisert Publisert

OMFATTANDE RAS: Geolog i Statens vegvesen, Harald Hauso, opplyser om at eit reinskelag no vil fjerne lause bergparti, før oppryddinga kan starte. Foto: Rune Nielsen

  • Elise Løvereide
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

Raset som ramma E16 ved Bolstad i går, onsdag, vil halde vegen stengt ei lang stund framover. Det opplyser både politiet og geolog i Statens vegvesen, Harald Hauso.

Alle nyheter om raset:

Les også

Lik BT på Facebook

— Vi har fått litt meir oversikt ved å sjå raset frå helikopter. No har vi eit reinskelag for å reinske ustabile bergparti. Dette dannar grunnlaget for arbeidet vidare, seier geologen.

Det har framleis vore småras i løpet av natta, men er stilt i dag, torsdag. Ifølgje Hauso er det opptil 12.000 kubikk stein som skal fjernast.

— Førebels er ikkje dette trygt for opprydingsarbeidarane, og deira tryggleik er viktigaste prioritet. Etter kvart som berget blir reinska, kan vi vurdere fortløpande når oppryddinga kan skje. Men det vil nok ta dagevis før vegen opnar att, og det er å ta fint i, seier Hauso.

Les også:

Les også

- Sjåføren forteller om et voldsomt trøkk

STENGT VEG: Slik såg vegen ut etter raset i Voss. Ein polsk lastebilsjåfør kom seg uskadd frå hendinga. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Nede på E16 er maskinane som skal rydde vegbana kome på plass, og klare til å starte arbeidet så snart dei får klarsignal, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

— Det kjem framleis ned massar frå fjellsida. Mannskapa på staden har observert at det er kome ned steinar i løpet av natta, opplyser byggjeleiar Bente Bergstø. Ho kan førebels ikkje seie kor lang tid det vil ta å rydde rasstaden.

— Vi veit heller ikkje om vegbana er skada av massane, seier Bergstø.

Les også:

Les også

Geolog: - Det største raset jeg har sett mellom Bergen og Voss

Politiet har no forlate staden, og det er Statens vegvesen som avgjer når oppryddingsarbeidet vil starte.

— Vi held oss til det Vegvesenet seier, og har ingen politi på staden i dag. Men slik eg har forstått det, vil vegen vere langvarig stengt, ettersom raset var omfattande, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Mikkelsen.

Ved raset onsdag føremiddag, fortalde innsatsleiar i politiet, Frank Listøl at vegen truleg vil vere stengt i fleire veker.

Les også:

Les også

Slik kommer du deg til Voss Cup

Fjerntrafikken mellom aust og vest vert sterkt oppmoda om å nytte E134 over Haukeli, opplyser Statens vegvesen i pressemeldinga.

-Medan E16 er stengt, er det omkøyring via fylkesveg 7, om Hardanger. Her vil det vere styrt trafikkavvikling. Trafikken blir leia i kolonnar frå Fyksesund og Granvin i begge retningar. Kolonnane møtast på Kjepsohøgda, like ved Ålvik, der det er plass for bilar å passere kvarande, utan store vanskar, seier Bergstø.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Fjellsiden ser ikke trygg ut og er det heller ikke

  2. - Kom kjørende gjennom tunnelen og så raset komme

  3. NSB åpner for togtrafikk igjen

  4. Har aldri sett et større ras på strekningen Bergen-Voss

BT anbefaler

På syv år prøvde Øystein fem jobber og tre utdanninger. Så traff han blink.

Alle tre valgte feil studier etter videregående. Slik løste de det.

LES SAKEN