Berge Furres turar til DDR

Bård Larsen slår over 250 sider fast at kommunismen var eit feilgrep. Det har ant oss lenge. Men viktigare - det skal også dagens SV lida for.

Olav Kobbeltveit

DET BLIR MYKJE HISSIG hudfletting av AKP-arar, med namns nemning. Jon Michelet, Pål Steigan, Tron Øgrim og Hilde Haugsgjerd. Men det er gammalt nytt. Det nye og hittil siste oppgjeret med norsk venstreside utvidar søket. I boka Idealistene av Civita-tilsette Bård Larsen let han det skarpe søkjelyset også sveipa over Sosialistisk Venstreparti og kjende SV-arar, som — slik Larsen ser det - i si tid lefla og flørta med valdsregime verda rundt. Han meiner SVs fredsferniss er tynt og tilslørande. Oppsummert:

«Når sentrale SV-ere i dag står frem og forsvarer Chávez og det cubanske diktaturet, er det behov for kunnskap om partiets historie. I dag fremstår SV som en hyggelig sosialdemokratisk lillesøster til Arbeiderpartiet. Dessverre er ikke det hele sannheten. Støtten til latinamerikanske autoritære regimer er en forlengelse av partiets lange tradisjon, et resultat av at de norske venstresosialistene fremdeles er delvis preget av antidemokratiske levninger».

BÅRD LARSEN - prosjektleiar ved Kristin Clemets konservative tankesmie Civita - går først laus på Berge Furre. I boka blir Furre ståande att som den mest prominente politiske pilegrimen på den norske venstresida. Furre var ein flittig gjest hos vasallstatane i Aust-Europa. Flest besøk hadde han i DDR, og han pleidde, ifølgje Larsen, uklok omgang med russiske KGB-folk, så som Stanislav Tsjebotok, så seint som på åttitalet.

Berge Furre får særleg gjennomgå for besøk han gjorde til Bukarest, fleire gonger, og utan å gjennomskoda Nicolae Ceausescos rotne regime. «Allerede på sekstitallet burde det demret for historikeren Furre at det var noe som ikke stemte i Romania».

Furre har seinare - i Dagbladet 2007 - forsvara seg med at dei nok var ein smule naive. Det gjer ikkje inntrykk på forfattaren. Vi andre får på fritt grunnlag vurdera om Berge Furre framstår som valdsromantikar.

Les også

Gransker mulig diskriminering i SV

FOR FURRE MÅ DET tidvis ha vore vanskeleg, mellom barken og veden som han var. Han viste varsam entusiasme for vasallstatane i aust, samstundes som han åtvara mot utviklinga i Kambodsja. Då vart han strengt irettesett av journalist Egil Ulateig i partiavisa Ny Tid (1977):

«I Kambodsja, som andre steder, har det gamle ordet full gyldighet: Det er bedre at én dør, enn at hele folket går til grunne. Det er ikke den minste grunn til å reagere skarpt om det nå er henrettet 100 eller 1000 mennesker i Kambodsja. De ble henrettet fordi det var nødvendig. En sosialist som ikke aksepterer en slik tankegang er, etter mitt syn, ikke noen sosialist, i hvert fall ikke en revolusjonær sosialist».

Les også

- SV må vere likt for Achmed og Ola

I BOKA BLIR ULATEIG, i fotnote 102, tilgjeven fordi han, som det heiter, «uforbeholdent og substansielt» har teke avstand frå sine ungdommelege eksessar. Det har ikkje Berge Furre, og Stein Ørnhøi, og Hans Ebbing, og Berit Ås, og alle dei andre SV-arane gjort. Difor har Bård Larsen teke seg bryet med å sjå nøye på SFs og SVs hopehav med alle kommunistregima etter 1961. Og rett skal vera rett, alt er ikkje like bra.

For Larsen er fullt ut i stand til å godtgjera det mange visste frå før, nemleg at dei kommunistiske eksperimenta har hatt enorme menneskelege kostnader, og at dei stort sett har enda i politisk ruin. Han har samla, og ordna, ein overveldande argumentasjonen om kommunismens tragiske vandring mot undergangen.

Til gjengjeld står Larsen opp for USA, som representerer det gode i denne forteljinga. Difor vil han ha omkamp om Vietnam. Slik han ser det har USA spreidd demokrati og menneskerettar til store deler av verda, kanskje med unnatak for Sør-Amerika, Midtausten og nokre stader til. Triumferande refererer han Barack Obamas Nobel-tale i Oslo, det sterkaste forsvaret for krig — og særleg amerikanske krigar - som nokon gong er halde av ein Nobelpris-vinnar. Det kan vera grunn til å minna om Lord Palmerston, som sa at stormakter har ingen vener, berre interesser.

FOR EIN LIBERALAR - utan revolusjonsblod på hendene - er dette ei innvending mot eit elles imponerande arbeid som vil visa at all vondskap i verda har sitt opphav på venstresida. No er det tid for å setja inn nådestøyten, etter at høgresida har vunne og kommunismen er død. Kva kjem ho av, denne hemnlysta, som gong på gong og med aukande detaljrikdom skal klistra norsk venstreside til dei mest morderiske regima i verda? Er det tapte diskusjonar i Studentersamfundet på 70-talet det skal gjerast opp for - tretti år på overtid?

Boka er velordna og til dels velskriven, og dokumentasjonen er som sagt tung. Men dikotomien er endå meir tyngjande, det gode mot det vonde. Til gjengjeld er premissen om at vi i dag sit med ein fasit Berge Furre ikkje hadde tilgang til, nesten fråverande. Eg tek meg sjølv i å tenkja at det hadde vore betre om ein eller ei utanfor høgresida, med ope sinn og posisjonert ein stad i midten, kunne behandla dette stoffet. Då kunne det skjedd utan denne skjemmande tendensen til støtt å understreka og feira høgresidas triumf.

KARL POPPERS FILOSOFI blir som vanleg henta inn når venstresida skal «takast». I Bård Larsens hovud er også Poppers originale tese, om at Platons Staten er ei oppskrift på det totalitære samfunn, god å ty til. Om dette skriv Trond Berg Eriksen i Morgenbladet:

«Dessuten minnes vi Karl Poppers pinlige The Open Society and its Enemies (1945), hvor Platon, den gamle greker, blant andre, ble fremstilt som både Stalins og Hitlers fjerne inspirasjonskilde. Så ikke engang etter 2400 år kan man være trygg for ettertidens selvrettferdighet».

Nei, det kan ein tydelegvis ikkje, og for retteleg å dra dei lange linene i retning undergang og politisk konkurs, pøser Larsen på med både Popper og Platon. Problemet er at i den grad høgresida blir brakt inn - og det blir ho - så er det i form av solskin og idyll. Slik var det ikkje, og slik er det ikkje.

Enig med forfatteren? Bruk kommentarfeltet under!

USA FOR FRED: President Obamas Nobel-tale må ifølgje forfattar Bård Larsen ha vore ei flau førestelling for gamle radikalarar i og utanfor SV. ARKIVFOTO: Stein Bjørge, Aftenposten