Er det sant at bergenspolitiet banka opp folk i heisen? Etter over 40 år dukkar politivaldssakene opp på nytt.

PODKAST: Høyr BT20 om dei gåtefulle politivaldssakene i Bergen.

Publisert Publisert

PODKAST: Kulturjournalist Erik Fossen, programleiar Ingvild Nave og kommentator Eirin Eikefjord fortel historia om dei notoriske valdssakene i bergenspolitiet. Foto: Alice Bratshaug

  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Historiene om korleis politiet i Bergen banka opp folk i heisen på 70-talet er nærast blitt ei urban legende i Bergen.

Men får vi nokon gong vite om historiene er sanne?

Nokre meiner politivoldsforskinga, som avdekkja fleire hundre tilfelle av politivald, er svindel og løgn. Andre meiner politiet forsøkte å skjule kva dei gjorde.

Over 40 år etter skandalen starta er saka igjen aktuell.

GROVE SKULDINGAR: Edvard Vogt og Gunnar Nordhus hevda dei fann fleire hundre tilfelle av politivald i Bergen. Forskinga har vore kontroversiell. Foto: Arkiv

Les også

Bergensforlag utset bok om politivaldssaken

I løpet av året vil ei ny bok skrive av tidlegare BT-journalist Bjarne Kvam og NRK-journalist Per Christian Magnus kome ut. Dei hevdar forskinga til Vogt og Nordhus er svindel.

I podkasten denne veka får du ei kortversjon av historia om politivaldssakene i Bergen så langt. Gjester er kulturjournalist Erik Fossen og kommentator Eirin Eikefjord.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Mann i 40-årene pågrepet etter brann i rekkehus i natt

  2. Laveste antall overnattinger noen gang

  3. Dette sier Branns sportssjef om en mulig Forren-overgang

  4. Går Bjørn på rett side av Fjellveien her?

  5. – Vi får sårende spørsmål som ingen andre foreldre får

  6. – 5000 døde i Sverige. 230 i Norge. Det er ganske utrolig.

  1. BT20
  2. Podkast
  3. Politiet
  4. Politivold
  5. Forskning og vitenskap