Historiene om korleis politiet i Bergen banka opp folk i heisen på 70-talet er nærast blitt ei urban legende i Bergen.

Men får vi nokon gong vite om historiene er sanne?

Nokre meiner politivoldsforskinga, som avdekkja fleire hundre tilfelle av politivald, er svindel og løgn. Andre meiner politiet forsøkte å skjule kva dei gjorde.

Over 40 år etter skandalen starta er saka igjen aktuell.

GROVE SKULDINGAR: Edvard Vogt og Gunnar Nordhus hevda dei fann fleire hundre tilfelle av politivald i Bergen. Forskinga har vore kontroversiell.
Arkiv

I løpet av året vil ei ny bok skrive av tidlegare BT-journalist Bjarne Kvam og NRK-journalist Per Christian Magnus kome ut. Dei hevdar forskinga til Vogt og Nordhus er svindel.

I podkasten denne veka får du ei kortversjon av historia om politivaldssakene i Bergen så langt. Gjester er kulturjournalist Erik Fossen og kommentator Eirin Eikefjord.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.