Vogntog køyrde med sju ulovlege dekk

Tre av dei var sommardekk, eit var punktert.

Publisert Publisert

STANSA HER: Det var trafikkstasjonen i Åsane at vogntoget vart stansa. Foto: Statens vegvesen

  1. Leserne mener

Det kosta sjåføren på det svenske vogntoget ei bot på 12.000 kroner, og køyreforbod.

– Det er urovekkande når eit vogntog som kan vege opp til 50 tonn er så dårleg rusta for norske vintervegar, seier John Kåre Larsen i Statens vegvesen.

Tysdag gjennomførte kontrollørar frå Statens vegvesen ein tungbilkontroll ved Bergen trafikkstasjon. Ein halvtime før dei skulle avslutte, kom vogntoget rullande inn på staden.

Sju ulovlege dekk

Då dei undersøkte bilen, fann dei tre sommardekk på trailervogna. Tre andre dekk på trekkvogna hadde dessutan for tynne mønster.

I tillegg var eit anna dekk punktert.

Larsen var kontrolleiar då vogntoget vart stansa. Han reknar med at vogntoget kom køyrande over fjellet.

– Dette er kvifor vi har eit så stort fokus på dette. Om eg kontrollerer ti vogntog på ein dag, og eit av dei køyrer som dette, er det verdt det. Dette er kvifor eg arbeider for trafikksikkerheita, seier Larsen.

Kunne blitt fatalt

Føraren av vogntoget fekk eit gebyr på 12.000 kroner, og beskjed om å skifte dekk før han kunne køyre vidare.

Larsen fryktar kva som kunne hendt om det hadde gått gale medan vogntoget var på veg over fjellet.

– Det skumlaste med vogntog som dette, er om ein mistar kontroll på hengjaren i ein sving, og hengjaren blitt slengd ut i motsett køyrebane. Då blir konsekvensane fatale, seier Larsen.

– Sjåføren har ansvaret

Ifølgje Larsen sa sjåføren at han var på verkstad for å fikse eit skada dekk før han la ut på turen.

– Sjåføren meiner verkstaden hadde gitt beskjed om at vogntoget var godkjent. Det stemmer ikkje når han kjem hit med sånne dekk, seier Larsen.

Han er klar på kven som har det endelege ansvaret for bilen.

– Vi må jo tru han på det han har sagt, men sjåføren er sjølv ansvarleg. Han bør vite kva dekk han har på sin eigen bil, seier kontrolleiaren.

Publisert