Gut (11) skada - politiet etterforskar ulukke med luftvåpen

Guten blei skada som følgje av eit uhell med luftvåpen på Reimegrend i Voss.

Publisert: Publisert:

Søndag ettermiddag blei politiet varsla om at ein person var skada etter eit uhell med luftvåpen på Reimegrend.

Politiet opplyser no at det er ein gut på elleve år som blei skada. Guten blei frakta til Haukeland sjukehus etter ulukka.

Kva skadar det er snakk om er uvisst ifølgje politiet, som opplyser at guten framleis var innlagt på sjukehus søndag kveld.

– Det ser ut til at det går bra med han, seier Robert Veseth ved Voss lensmannskontor.

Oppretta sak

Ifølge Veseth ber ulukka preg av å vere eit uhell, men politiet har oppretta sak som følgje av hendinga.

Han seier det framleis er uklart kva som er årsaka til ulukka, og ønskjer ikkje å gå i detaljar om kven som fyrte av skotet.

Fleire avhøyr

Uhellet skjedde på ei privat adresse og det skal ha vore fleire personar til stades då ulukka skjedde, opplyser politiet.

– Vi har tatt avhøyr av fleire av dei som var til stades då det skjedde, men det står att fleire avhøyr.

Publisert: