– Equinor vil framleis vere eit av dei skitnaste selskapa i verda

Høyr vekas episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

FÅ MED DEG: «Nokon må gå» er ein podkast om politikk og kvardagsliv på Vestlandet frå Bergens Tidende. Foto: Rune Sævig

Meir rein olje til verda, eller hastar det å skru igjen kranane?

Tysdag blei gigantoljefeltet Johan Sverdrup offisielt opna, til blanda reaksjonar.

Anlegget blir drive av straum frå land, og slepp difor ut langt mindre CO₂ pr. oljefat enn det som er vanleg.

– Det er likevel sånn at det er ikkje i produksjonen, men i forbrenninga at dei store utsleppa frå olja ligg, påpeikar kommentator Morten Myksvoll.

– Equinor vil framleis vere eit av dei skitnaste selskapa i verda, det kjem me ikkje rundt, seier kommentator Jens Kihl.

Kihl er også uroleg for at den norske økonomien framleis er for avhengig av inntekter frå olje.

– Me er avhengige av at Storbritannia, Belgia, Nederland, Tyskland, Danmark lukkar augo for sin olje- og gassavhengigheit. Og det gjer dei jo ikkje.

Myksvoll er likevel meir positiv:

– Så lenge dei held fram å kjøpe av oss når dei begynner å kutte, kan me halde på ei stund enno.

I tillegg tek podkasten mellom anna eit djupdykk i det som kanskje er Vestlandets mest eksotiske nyttårstradisjon: Kjippen i Florø.

– Er Florø rett og slett Norges Rio de Janeiro? Kvifor kan me ikkje kopiere dette i Bergen, spør politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt?

«Nokon må gå» er BTs nye podkast om politikk og kvardagsliv.

Kvar veke snakkar politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentatorane Jens Kihl og Morten Myksvoll seg gjennom sakene som engasjerer og irriterer.

Høyr vekas episode her eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android).

Publisert