Monika er så redd edderkoppar at ho ikkje har vore i hagen på to år

Etter to timar med hypnose er ho kvitt frykta.

Publisert Publisert
  • Adalheidur Oldeide
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Eg byrjar nesten å grine av å vere her. Frykta har teke fullstendig over, seier Monika Selstad.

For første gong på lang, lang tid står ho ute i hagen sin på Laksevåg. Ein gong var han full av fargerike blomar, ripsbuskar og rabarbara. Det gamle badekaret midt på plena var fylt av jordbær.

No er det berre ugras att. Og kven veit kva anna. Hendene til Selstad dirrar av frykt for kva som kan skjule seg i jorda, eller i buskene.

Me blei med ho då ho prøvde hypnoterapi for å bli kvitt frykta som har teke over livet hennar.

LIVREDD: Før Selstad blei hypnotisert sat ho på ein benk utanfor akvariet. Etter ho blei hypnotisert var ho berre centimeter unna ein tarantell. Foto: Ronald Hole

— Ekstremt øydeleggandeSelstad er så redd dei åttebeina krypa, at berre ho høyrer ordet edderkopp, brekker ho seg.

— Det er forferdeleg å vere så redd. Det pregar nesten alt eg gjer. Det eine badet i huset vårt har eg ikkje brukt sidan 2013, fordi eg ein gong såg ein edderkopp der inne.Det er ekstremt øydeleggande.

Auka interesse

Mellom 10 og 20 prosent av verdas befolkning har ein fobi i løpet av livet. Fleire kvinner enn menn blir råka.

BT får bli med då Selstad skal forsøke noko ho aldri har prøvd før for å bli kvitt frykta ein gong for alle.

Les også:

Les også

- Jeg hørte et skikkelig fres

I fjerde etasje i eit bygg sentralt ved Torgallmenningen i Bergen har Ronny Hansen sidan 2004 kurert folk for fobiar, fått folk til å slutte å røyke og gått ned i vekt ved hjelp av hypnose. Det er knapt ein ting som ikkje kan bli fiksa ved hjelp av hypnose, ifølgje hypnoterapeuten ved Medicor Bergen.

— 91 prosent av dei som blir hypnotisert her for å slutte å røyke, greier det. Men det er viktig at dei har eit sterkt ynskjer om det, seier Hansen.

— I hypnoterapi snakkar me til det ubevisste sinnet. Når det bevisste og det ubevisste sinnet er i "kontakt", vil tankar og kjensler lettare flyte frå det bevisste til det ubevisste, slik at me kan få endringar til å skje, seier Hansen.

HYPNOSE: Monika er ikkje i tvil om at ho blei hypnotisert. I ein halvtime var ho vekke medan teapaut Ronny Hansen snakka til ho om fobien. Foto: Ronald Hole

— Som å sove tungtBehandlingsrommet ved Torgallmenningen er sterilt. Eit stort glassmonter med tomme røykpakkar er plassert midt i rommet. Pakkane er signert dei som har har kvitta seg med uvanen sin ved hjelp av hypnose.

Terapeuten plasserar Selstad i ein stor lenestol og byrjar behandliga som tek to timar og kostar tusen kroner i timen.

— Edderkoppar er ikkje farlege. Dei er meir redde oss enn me er redde dei.

Hansen gjentek setninga eit titals gonger.

Med roleg stemme fortel han mykje rundt fobien medan roleg musikk blir spelt i hovudtelefonane Selstad har på øyra.

Hansen er nøye med korleis han formulerer seg då han snakkar til Selstad sitt ubevisste sinn. Det er viktig for at det som blir sagt skal ha optimal effekt, seier han.

I 30 minuttar er ho vekke. Hansen tel ned frå fem til éin og ber ho vakne.

Då ho kjem til seg sjølv er ho ikkje i tvil om at ho har blitt hypnotisert. Sjølv forklarar ho det som at ho sov særs tungt, samstundes som ho høyrde alt Hansen sa.

Skeptisk til hypnose

Selstad har hatt fobien så lenge ho kan hugse, men kvifor somme av oss utviklar forbiar er vanskeleg å svare på, seier psykolog Saher Sourouri.

— Det kan vere at ein har hatt ei negativ erfaring med noko som førte til ei intens frykt, i tillegg til ei oppleving av tap av kontroll. Ei anna årsak kan vere at ein har observert andre si frykt over tid, og dermed arva den same frykta.

Han meiner at alle fobiar kan bli kurerte, men hevdar den beste måten er tradisjonell psykologbehandling, der ein blir konfrontert med frykta si.

— Det er særs vanskeleg å overvinne ei frykt utan å "gå inn i" det ein fryktar og få ei oppleving av kontroll. Enkelte kan nok raskt oppleve ein midlertidig reduksjon av frykt etter hypnose, men det kan man også med tradisjonell psykologbehandling, seier Sourouri.

LUKKELEG: For første gong på fleire år er Monika Selstad ute og plantar i hagen sin. Foto: Ronald Hole

— Har aldri vore så lukkelegDagen etter. Selstad er nok ein gong i hagen sin utafor huset på Laksevåg. Men denne gongen står ho med hovudet oppi badekaret, og er så glad at ho klukkar.

— Det spelar ingen rolle korleis det faktisk fungerer så lenge det gjer det. Eg kan endeleg grave i hagen min, det er det einaste eg bryr meg om.Eg har nesten aldri vore så lukkeleg.

— Eg er framleis litt redd, men i går kveld såg eg ein edderkopp på stova. Då måtte mannen min fjerne den for meg, men like etter sat eg meg i stolen. Det hadde eg ikkje greidd før eg blei hypnotisert. Det er enormt befriande. Det er som om eg har fått kontroll på frykta mi.

Trur du på hypnose? Diskuter under:

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Slik blir du kvitt ham

  2. Hypnose mot Skavlan

BT anbefaler

Da viruset kom til Norge, tok Ingeborg (47) grep. Personer med fedme rammes hardere av korona, viser ny forskning.

Hun slet med overvekt og dårlige matvaner, men syv måneder senere er livet til Ingeborg Stensby (47) forandret.

LES SAKEN