- Arbeidet på rasstaden vil ta tid

300 meter av vegbana er råka.

Publisert Publisert

RAS: E16 er førebels stengt etter steinras på E16 ved Gudvangen. Foto: Tor Høvik

  • Elise Løvereide
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

E16 er stengd i Nærøydalen mellom Voss og Gudvangen etter eit større steinskred tysdag ettermiddag. Steinskredet raste frå omtrent 800 meters høgde.

Rundt 300 meter av vegbana er råka, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Vegbana har også fått seg nokre skadar, men ingen bilar blei treft. Heller ingen menneske blei skada:

Johnny Steensen og Roar Gilbu redda truleg liv:

Les også

Hev seg i bilen for å få folk i tryggleik

Litt over halv fire melder vegvesenet om at vegen ikkje vil bli opna onsdag. E16 er framleis stengt mellom Voss og Gudvangen, då arbeidet held fram utover ettermiddagen.

REINSKAR: Eit helikopter køyrer over fjellsida for å reinske før oppryddinga kan starte. Foto: Tor Høvik

Statens vegvesen er i gong med sikringsarbeidet av skredområdet. For å hindre at folk tek seg inn på skredområdet, er det plassert vaktar på staden.

— Allereie tysdag kveld fekk vi ein geolog på staden for ei undersøking. Geolog har meldt om fare for nye skred, og råda oss om å reinske fjellsida før oppryddingsarbeidet startar, seier Helge Rong i Statens vegvesen.

Må reinske fjellsida

Arbeidet med sikring av fjellsida kom i gang tidleg onsdag. Eit helikopter spyler fjellsida for mogelege lause massar og stein. Først når fjellsida er sikra, kan ein rydde.

— Vi har ikkje observert nye skred gjennom natta. No må vi først reinske fjellsida før mannskapet kan ta fatt på arbeidet med å rydde og reparere vegen, seier fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane.

Først etter at reinskinga er ferdig, vil dei vurdere når det blir aktuelt å opne att vegen.

Les også:

Les også

E16 i Gudvangen sperra av kampesteinar

IMG_2019.jpg

Skal sprengje steinblokkane

Arbeidet vil ta tid, då steinblokkene er så store at dei må bli splittast før dei kan fjernast.

— Vi borar og sprengjer steinane med dynamitt, men vi veit ikkje når dette vil skje. Forhåpentlegvis veit vi meir i ettermiddag, seier Rong.

Geologen skal få arbeidsro, slik at dei deretter kan setje i verk etter geologen sine instruksar. Etter kvart vil entreprenørar kome til skredsområdet, og Rong understrekar at det er vanskeleg å kome til på det høge området.

- Når vil vegen opne att?

— Det kan vi enno ikkje seie noko om, seier Rong.

I mellomtida rår Statens vegvesen folk til omkøyring via Rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller Rv. 13 over Vikafjellet. Statens vegvesen rår trafikantar som skal i retning sør-nord nytte E39 over Lavik- Oppedal.

TRENG DYNAMITT: - Steinblokkene er så store at dei må bli splittast før dei kan fjernast, seier Helge Rong i Statens vegvesen. Foto: 2111-tipsar

Fleire ras på Vestlandet

Dette er ikkje første gong det oppstår ras på Vestlandet i år.

Tidlegare i sommar måtte E16 stengje etter ras ved Bolstadøyri:

Les også

Stort steinras sperrer E16

— Vestlandet er mykje meir utsett for ras, på grunn av fjell og ulike forhold som forårsakar at steinane lausnar, seier Rong.

I mars raste det steinar på riksveg 5 i Naustdal, Sogn og Fjordane. På same stad raste det igjen 30. juni.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Åpner E16 i begge retninger

  2. Ras i Naustdalstunnelen

  3. E16: Nå kjører vi

  4. På ville vegar