- Bruk kort!

Fryktar svineinfluensa og ber kundane bruke kort.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

— Ein billett til Voss, takk!

Først tog, så buss til Granvin, der Tormod Lid Larsen skal besøke dottera. Han har kortet klart.

— Eg brukar som regel alltid kort.

Larsen er dermed ein mønsterkunde. For no oppfordrar NSB alle kundar om å unngå kontant betaling, og heller bruke billettautomatar og kort, i kampen mot svineinfluensa.

— Vi veit at mynt og setlar kan bere smitte over tid, seier informasjonssjef Preben Colstrup i NSB.

Les også:

Les også

Dør av lungesvikt

Dør av lungesvikt

— Fanden på veggen

Men det er fordi det er enkelt, ikkje for å unngå smitte frå H1N1-viruset, at Larsen betalar med kort. Han synest ærleg talt at smittefaren er overdramatisert.

— Vi må ikkje måle fanden på veggen, heller, seier Larsen, og stikk billetten i lomma.

Like bak myntautomaten står ei blå flaske med desinfeksjonsmiddel diskré plassert, og sidan i sommar har NSB-vertane bak disken stadig gnidd seg i hendene.

— Vi har aldri vore så reine før, ler Vigdis Skulstad og Irene Aannevik.

Også dei raude billettautomatane utanfor får seg ein dagleg omgang med spritservietten. Kate Fredheim Tvedt, som nettopp har trykt ut ein billett til Oslo, har aldri tenkt over at bruk av kontantar kan medføre smitterisiko.

— Eg synest rett og slett at dette er å overdrive litt. Men automat er uansett enklast. Iallfall når du veit kor du skal, seier Tvedt.

Les også

17.500 vaksinedoser til Bergen

Mobilt mannskap

Informasjonssjef Colstrup seier at NSB har god beredskap, dersom det skulle oppstå mannskapsmangel på grunn av svineinfluensa.

— Vi har ein betre reserve enn for få år sidan. NSB er inne i ein offensiv bemanningsperiode, og utdannar over 200 lokomotivførarar og konduktørar kvart år, opplyser han.

Dersom avgangar likevel må innstillast på grunn av sjuke konduktørar, kan bussar bli sette inn på rutene.

Men også bussjåførar kan bli sjuke, understrekar Colstrup, og i ein krisesituasjon vil NSB vurdere å flytte på mannskapane.

— Dersom vi må gå til det skrittet å innstille avgangar på tog eller buss, må vi prioritere, og ta størst omsyn til ruter med flest kundar.

Gjer NSB rett i å be kundane bruke kort? Bruk kommentarfeltet.

Publisert: