Kapra brøytetraktor og brøyta seg veg

Å brøyte vegar er ikkje ufarleg, fekk ein traktorførar erfare i Førde laurdag kveld. Han vart angripen av ein krakilsk mann som kapra traktoren og brøyta seg gjennom Førde sentrum.