Ber barnevernsleiar ta permisjon

Kommunestyret i Samnanger tilbyr den omstridde barnevernsleiaren permisjon med løn.

VANSKELEG SAK: I februar møtte ordførar Marit A. Aase eit fakkeltog av protestar mot barnevernet i kommunen.
  • Hans K. Mjelva
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Etter samtalar med jussekspertar har Samnanger kommune vald å offentleggjere vedtaket om barnevernet, som kommunestyret gjorde torsdag.

Her går det fram at den omstridde barnevernsleiaren i kommunen, som òg er kommunens helse— og sosialsjef, får tilbod om permisjon til granskinga av etaten er ferdig:

Kommunestyret delt

«Barnevernsleiaren vert invitert til eit møte der han får tilbod om permisjon med løn. Dette tilbodet vert gjeve med omsyn til å skapa tillit til barnevernet medan internkontrollen går føre seg, samt å skåna barnevernsleiar for ytterlegare mistanke», står det i vedtaket.

Møtet med barnevernsleiaren skal haldast innan torsdag 25. april.

Vedtaket kom etter ein fleire timar lang diskusjon i kommunestyret torsdag, der forslaget om permisjon stod mot eit anna forslag om å suspendere barnevernsleiaren.

— Forslaget om å gje permisjon i staden for suspensjon fekk fleirtal med ei stemmes overvekt, seier Øyvind Røen, som leiar Senterpartiets gruppe i kommunestyret i Samnanger.

Frivillig, ikkje tvang

Etter det BT kjenner til vart det fleirtal for å suspendere barnevernsleiaren i førre kommunestyremøte, 6. mars. Det går òg fram av torsdagens vedtak at kommunestyret må samlast på nytt, dersom granskinga (internkontrollen) av barnevernet avdekkjer noko «som gjev grunnlag for suspensjon».

Ein suspensjon betyr at barnevernsleiaren blir tvungen til å ta seg fri, medan ein permisjon er frivillig. Dermed kan barnevernsleiaren takke nei, og forbli sitjande i stillinga medan etaten han leiar blir granska.

Blir omorganisert

Det har vore sterk misnøye med barnevernet i Samnanger, og i februar gjekk 160 samningar i fakkeltog mot etaten.

Sjølv om granskinga ikkje er avslutta, vedtok kommunestyret torsdag at ein uansett skal starte arbeidet med å omorganisere barnevernet i kommunen:

«Administrasjonen skal omgåande starta arbeid i høve til å inngå interkommunalt samarbeid for barneverntenesta», står det i vedtaket.

Vil gjenreise tillit

Ordførar Marit A. Aase skriv i ein e-post-kommentar til vedtaket at saka har vore vanskeleg, og at det for henne har vore viktig at det ikkje blir ei førehandsdømming av barnevernet.

«Me treng å gjenreisa tillit til og respekt for kvarandre og ta tilbake det gode lokalsamfunnet Samnanger er. Dette kan skje gjennom ulike lokale prosessar og ekstern bistand, mellom anna frå fylkesmann/fylkeslege. Som ordførar håpar eg at vedtaket vil føra oss eit steg vidare», skriv ho.

BT har forsøkt å få ein kommentar frå barnevernsleiaren, utan hell.

Publisert
BT anbefaler

– Det er en trykkende og uvirkelig stemning, nesten litt uhyggelig

Politiet har funnet båt, årer og klesplagg. Tre personer er fortsatt savnet etter robåt-ulykken i Kvam.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Kjell Arne, Ruth og Nils Johan er antatt omkommet i Tokagjelet

  2. 128 smittet i Bergen siden fredag: – Har ikke tenkt å iverksette nye tiltak

  3. Leter fortsatt: – Viktig å få gjort mest mulig nå

  4. Bergen snuser på nedbørs­rekord: – Det kan gå

  5. Varsler store mengder regn. Flom- og jord­skred­fare fra torsdag.

  6. Mange smittede i tiårsalderen