- Norsk dugnadsånd er døyande

Burettslag over heile Bergen arrangerer fellesdugnad i desse dager, men dei færraste dukkar opp. Rolf S. Andersen stiller derimot opp kvart år.

Publisert Publisert

KVART ÅR: Styreleiar i Lyder Sagen burettslag, Randi H. Tvilde er på dugnad med Rolf S. Andersen. Kvart år dukkar han opp for å hjelpe til. Foto: Odd E. Nerbø

  • Elise Løvereide
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Eg håper ikkje alle har gått på badestranda i dag, seier Andersen med eit smil då BT møter han på dugnad.

Han har stilt opp på fellesdugnaden til Lyder Sagen burettslag kvart år sidan han flytta til nabolaget i 1999.

I år er han nøgd med oppmøtet, sjølv om han påpeiker at fleire er bortreist.

– Det er sosialt og vi får bort grønske og boss etter vinteren. Eg har vakse opp med dugnadsånda, medan nokre av dei yngre generasjonane betaler seg ut av det. Men poenget er jo det sosiale, meiner dugnadsveteranen.

– Ikkje dei høgaste forventningane

Lyder Sagen burettslag har berre 35 leilegheiter, men relativt mange møter opp samanlikna med dei større burettslaga.

– I fjor møtte cirka 12 personar, og det var ganske bra i forhold til tidlegare, seier styreleiar Randi Hernes Tvilde.

Søndag oppmoda styret folk om å kome per epost, men Tvilde hadde ikkje dei høgaste forventningane til oppmøtet.

– Stort sett gir ikkje folk beskjed om at dei ikkje kjem. Eldsjelene får det unna på 2–3 timar, seier Tvilde.

– Er det urettferdig at nokre få må gjere alt arbeidet?

– Er det ikkje slik samfunnet vårt er for tida? Dei som bryr seg, er dei som gjer arbeidet. Ofte er det dei same som møter kvar gong, og som har mest tilknyting til staden. Hjå dei er det framleis ei stor dugnadsånd. Det er elles ein fin arena å skape trivsel og eit sosialt miljø, seier styreleiaren.

(Saka held fram etter biletet)

Margun Boge har budd i nabolaget dei siste 17 åra, og gler seg over å gjere uteområdet fint til 17. mai. Foto: Odd Nerbø

Lyder Sagen burettslag har fellesdugnad med Strømgaten, der dei spleisar på konteinar. Etterpå skal dei ete kake og drikke kaffi.

– Vi ønskjer å yte noko for fellesskapet. Det var annleis før. Når folk får god råd, vil nok mange betale seg ut, seier Grete Riise.

– Ikkje optimistisk

I fleire burettslag slit dei med dugnadsengasjementet.

– Mi erfaring med rydjedagar er at det er frykteleg dårleg oppmøte. Dei få som kjem deler byrda på veldig mange, seier styreleiar i Prestestien burettslag, Bjørn Wisnes.

Prestestien i Åsane er blant dei største burettslaga i Bergen, med 655 bustadar. Burettslaget dekkjer heile 60 mål som treng vedlikehald.

– Det er nokon få eldsjeler som bidrar til godt vedlikehald, medan andre stader blir det ikkje gjort noko, seier styreleiaren.

Onsdag hadde dei fellesdugnad for å gjere det fint til 17. mai. Men Wisnes var ikkje optimistisk til oppmøtet på førehand.

– Tidlegare har 25 bidratt. Vi er eit såpass stort burettslag at folk ikkje treng å gøyme seg unna og finne på unnskyldningar. Dei får ikkje anna enn eventuelt dårleg samvit, seier Wisnes.

Personane som dukkar opp, får pengane dei har betalt til fellesutgifter skattefritt tilbake. I Prestestien er dette 45 kroner per månad.

– I ferd med å forsvinne

Også hjå Smiberget burettslag har dei denne ordninga. Folk betaler seg fri frå fellesdugnaden ved å ikkje få pengane i retur.

– Veldig få stiller opp. Dugnad er utdøyande, seier styreleiar Trond Helle.

Burettslaget i Fyllingsdalen har 567 leilegheiter, og blei bygga på midten av 60-talet. Kontorfullmektig i burettslaget Kai Heldal trur dugnadsånda var sterkare då enn ho er i dag.

– Dugnadsånda er i ferd med å forsvinne. Men det positive er at stadig fleire unge stiller opp for å tene litt ekstra, seier Heldal.

Det er styreleiar Helle einig i.

– Vi har fått til avtaler med ungdomar som både bur i burettslaget, eller som kjem utanfrå. Men elles har det vore eit glissent oppmøte dei siste åra, seier Helle.

(Saka held fram etter biletet)

Litt lenger borte i gata står Guled Farah og Omar Roble med sønene Muhammad Guled (8) og Wais Omar (9). Dei visste ikkje om dugnaden, men ville hjelpe til då dei såg folk som rydja nede på gata. Foto: Odd E. Nerbø

– Fellesskapet blir mindre

Vaktmeistertenesta tar vedlikehaldet som ikkje blir gjort på dugnad. Med bedriftsavtaler meiner Helle at sjølvjustisen og den norske dugnadsånda forduftar:

– Firmaa går sjeldan rundt og plukkar boss, og det var såleis meir ryddig når vi hadde eigne pliktveker for bebuarane. Folk var meir ute før, og det er synd at dugnaden er døyande, seier han.

– Kvifor trur du at færre møter på dugnad?

– Det er nok ei trend i tida at heile samfunnet no går på høggir, og at folk ikkje har tid til å vere med. Det kan også ha noko med økonomi å gjere. På 60-talet hadde dei kanskje ikkje råd til å betale seg unna, og fleire var heimeverande, seier Helle.

Helle meiner at dugnad skapar eit sosialt fellesskap der ein blir kjend med naboar, og at dette også vil forsvinne med fellesdugnadane.

– No blir ein ikkje like mykje kjend med menneska som bur i nærleiken. Det er trist, seier han.

– Må vere frivillig

Også i Solheimslien burettslag i Årstad bydel er det variert kor stort engasjementet er på fellesdugnaden.

– Eg tenkjer at dugnad må vere lystbasert. Det er ikkje dugnad om folk må betale, seier styreleiar Benjamin Hogstad.

Dei siste to helgane har fellesdugnad vore arrangert av burettslaget, med dårleg oppmøte.

– Den eine blokka med 60 leilegheiter hadde eit oppmøte på åtte personar. Ånda har nok forsvunne, men det er likevel nokon som stiller, særleg dei unge og dei eldre, seier Hogstad.

Hogstad trur at dugnadskjensla var størst på 60-og 70-talet.

– Men vi ønskjer ikkje å forfølge dei som sluntrar unna. Dugnad skal vere frivillig, slår Hogstad fast.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Venner av drapssiktet student: Han endret seg, ble mer isolert og fikk en mørk form for humor

Vennene beskriver ham som en fin gutt. Samtidig peker noen av dem på varsellamper fra fortiden.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Busstreiken er over

  2. Gutten fortalte at han ikke hadde venner. I hallen møtte han dommeren.

  3. Nye koronatester: De er lynraske, billige, enkle og effektive

  4. Storbritannia: – Viruset er ute av kontroll

  5. Hjemmekontor? Fem ting du aldri bør gjøre på jobbens PC.

  6. Derfor lyste mange bygg i Bergen rødt