- Bergen må vakne opp

Publisert Publisert

DEMONSTRASJON: By-historikar Tryggve Fett haldt apell under demonstrasjonen mot stengde dører for naturhistorisk museum i Bergen. Foto: Ørjan Deiz

  • Det er rett og slett tragisk at at Noreg sitt eldste museumsbygg er stengd på ubestemt tid, seier by-historikar Tryggve Fett.
  • Marie Misund Bringslid
  • Adalheidur Oldeide
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Kjære Erna. Skjemst du ikkje?

Slik avslutta by-historikar Tryggve Fett, sin appell under ein demonstrasjon mot manglande midlar til rehabilitering av Naturhistorisk museum i Bergen.

Les også:

Les også

«Vi ventar på veggar og tak»

Onsdag kveld var kring 60 personar samla på Muséplass på Nygårdshøyden for å markere si misnøye mot at Noreg sitt eldste museumsbygg ikkje får midlar i nasjonalbudsjettet.

Tømd for dyr

Mange kjenner museet som "Dyremuseet", men i dag er det knapt eit einaste dyr att. Sidan Riksrevisjonen uttalte at bygget var i så dårleg stand at det kunne føre til skade på samlingane, har museet blitt tømd for dyr og vore under rehabilitering.

Etter planen skulle museumet stå ferdig i 2018, men pengane kom aldri då då finansminister Siv Jensen la fram sitt forslag til budsjett i fjor haust.

No veit ingen når dørene vil opne igjen.

— Det er rett og slett tragisk. No må Bergen vakne opp. Me må vise at me ikkje aksepterar dette, seier Fett.

- Veldig trist

Museologistudent og initiativtakar til demostrasjonen, Gita Frimannslund Storegjerde, seier bergensarar må vise at dei ikkje finn seg i at museet blir stengd på ubestemt tid.

Les også:

Les også

Vi savner publikum

— Dyremuseet har vore ope for publikum sidan 1865, og no har det vore stengd i eitt år. Det er utruleg trist. Me kan ikkje finne oss i dette, seier Frimannslund Storegjerde.

Initiativtakaren seier barna i Bergen går glipp av viktig lærdom så lenge museet har stengde dører.

— Det er fint å kunne sjå dyr på fjernsynet, men å kunne sjå ein ekte løve eller ein elg, det er ei oppleving eg unnar dei yngste innbyggjarane i Bergen, seier ho.

— Eg veit ikkje kor mykje denne demonstrasjonen vil bety, alt me kan håpe på er at regjeringa snur, seier Fett.

Vil løyve midlar

Linn Kristin Engø i Arbeiderpartiet fortell at Arbeiderpartiet føreslår fire millionar kroner til prosjektet i alternativt revidert nasjonalbudsjett.

— Det er nok til oppstart av fase to i oppussingsprosjektet. Utan desse midlane vil heile prosjektet bli 18 millionar dyrare, og man må avbryte det arbeidet man har byrja på, seier ho.

Engø trur også at mangel på midlar til renovering kan gå ut over fagmiljøet på universitetet.

— Hvis museet er stengd i lang tid kan det føre til at museet mistar verdifull spesialkompetanse. Det vil vere særs uheldig. Eg håpar at regjeringa og statsministaren, som er fra Bergen og kjenner museet, snart tar til fornuft, seier ho.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

40 personer smittet fra utesteder i Bergen

Av de 1272 personene som er koronasmittet i Bergen til nå, kan 40 tilfeller spores tilbake til utesteder.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Tøffe tider i fødelandet tvang Arne Bergsvik og familien til å ta et drastisk valg

  2. 29 nye smittetilfeller i Bergen

  3. Han ble kåret til «Hordalands største talent». Nå har han en usikker fremtid i Brann.

  4. – I løpet av et minutt var min kjæreste ting tapt

  5. Smitte ved 19 skoler i Bergen: – Vi ser alvorlig på situasjonen

  6. – Jeg googlet flygel og vekt. Det var en kjempetabbe.