Adel (10) droppa fotballen for å gå med bøsse

ENGASJERT: Då ti år gamle Adel Garnes Rahlff fekk høyre om årets TV-aksjon blei han engasjert. - Eg tykkjer det er ganske fint å samle inn pengar for at dei ikkje skal hogge ned skogen, seier han.
  • Dette går berre ikkje an, sa Adel Garnes Rahlff (10) då han såg på fjernsyn kva TV-aksjonen handla om.
Les også

TV-aksjonen samlet inn over 182 millioner kroner

  • Adalheidur Oldeide
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

— Trikset er å spørje folk så fint ein kan, seier Adel.

10-åringen ristar på bøssa han har gått rundt med den siste timen. Han peikar på midten. Den er om lag halvfull. Eller tom, alt etter korleis ein ser det. Adel tykkjer i alle fall at givargleda er litt skuffande.

Det er andre gong han er bøssebærar for TV-aksjonen. Eigentleg skulle han spele fotball, men saman med pappa Sixten Rahlff, bestemte dei seg for at innsamling var viktigare.

Lite kontantar

— Vi sat heime og såg eit program på fjernsyn om TV-aksjonen. Då Adel høyrde om kva som skjedde med regnskogen blei han engasjert og sa han ville gjere noko, seier Rahlff.

Han meiner det er viktig å lære barna å engasjere seg, og spurte om sonen ville vere med å samle inn pengar.

Les kvifor det kvart år forsvinn regnskogareal på størrelse med Danmark her.

— Eg syns det er ganske fint å samle inn pengar for at dei ikkje skal hogge ned skogen. Difor ville eg vere med, seier Adel.

Ralff tykkjer givargleda er sånn midt på treet, og meiner folk burde tenkje på å ha kontantar på seg når det er innsamling.

— Folk er veldig positive og seier dei gjerne vil gi, men vi tek dessverre ikkje kort. Då blir det vanskeleg for mange.

- Best med setlar

Adel meiner det kjekkaste med å gå med bøsse er når folk seier han gjer ein god jobb.

— Og når folk puttar lappar på bøssa mi. Eg fekk mest setlar på Nordnes, på bryggen var det mest myntar.

Sjølv om dei aller fleste er positive til bøssebærarane, er det somme som ikkje støttar TV-aksjonen.

— Det var ein som sa at han ikkje kunne gi pengar fordi han måtte ta vare på sin eigen skog. Han måtte visst betale skatt for den eller noko sånn. Det var litt rart.

Eidfjord og Luster best

Like før endeleg opptelling sundag kveld var det Eidfjord som hadde det høgaste snittet per innbyggjar med 129,11 kroner. Snittbeløpet totalt for Hordaland var derimot ikkje like mykje å skryte av med 26,5 kroner i gjennomsnitt per innbyggjar. Det er det fjerde lågaste gjennomsnittet i landet.

I Sogn og Fjordane var det Luster som hadde den størte givargleda med 61,15 kroner per innbyggjar.

GIVERGLEDE: - Eg har gitt masse pengar no og tidligare i dag, seier Julian Lavik (5). Her saman med mamma Solveig og systera Sofie.

100.000 frivilligeRegnskogfondet sitt mål har vore å samle 100.000 bøssebærarar. Målet nådde dei sundag kveld.

— Rett i underkant av 100.00 møtte opp. Ikkje alle område blei fullt dekka, men så godt som, seier kommunikasjonsansvarleg Maren Thorsen Bleskestad i TV-aksjonen til NTB.

Bergen har hatt full dekning med kring 3000 frivillige.

— Vi er strålande nøgde med resultatet, seier byaksjonsleiar Gabriella Osborne.

Leiar i Regnskogfondet, Lars Løvold, er særs nøgd med å ha fått så mange frivillige til å stille opp, men han har ikkje satt noko mål om kor mykje pengar han håpar å få samla inn.

— Men med så mange bøssebærarar ute, vil vi nok få eit fantastisk resultat, trur han.

Også Adel har tru på resultatet.

— Visst alle har fått litt, blir det nok mykje til saman, seier 10-åringen før han stoppar ein familie som gjer bøssa enno litt fullare.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. TV-aksjonen mangler bøssebærere

BT anbefaler

Mannen som ble funnet død i Loddefjord, var savnet 24-åring

Det opplyser politiet i en pressemelding.

LES SAKEN