– Det eg veit om denne pingvinen, er at den er nebbete og ekstra frampå

Det har vore babyboom på Akvariet. Trude Drevland og Sølvi Rolland var med då det var dåp av fem pingvinar.

Publisert:

DÅP: Sølvi Rolland døypte «Tuna», som Anna Løkkebø held, medan Trude Drevland døyper «Sindre», som Håkon Norstrand held på fanget. Foto: Rune Sævig

Rune Sævig

– Det eg veit om denne pingvinen, er at den er nebbete og litt ekstra frampå. Då skjønte eg kvifor dei har bedt meg vere gudmor, seier Trude Drevland.

Ho legg til:

– Når «Sindre» i tillegg er son til «Erna», er dette det beste kinderegget eg har opplevd.

DÅPSPROSESJON: Pingvinar på veg til den store dåpen. Foto: Rune Sævig

Saman med fire andre var Trude Drevland fadder under den store dåpsdagen på Akvariet. Pingvinane vart borne frå innhegninga, over plassen og til ein lang benk.

Så vart ein og ein pingvin døypt med vatn over hovudet. Ikkje alle var like glade for dét. Nokre prøvde å bite fadderen i handa.

FOTOGRAFERING: Oppstilling til fotografering. Foto: Rune Sævig

Det har vore babyboom på Akvariet, med heile fem nye pingvinkyllingar, noko som ikkje har skjedd sidan 2013.

RO: Greitt å slappe av litt etter dåpen. Foto: Rune Sævig

Publisert: