Storfangst i Øygarden

Torsdag fekk MS «Bluefin» frå Nekkøy i Flora verkeleg storfangst, då dei drog inn 29 makrellstørjer.

Publisert Publisert

STORFANGST: Torsdag drog MS «Bluefin» opp 29 makrellstørjer utanfor Øygarden. Frå venstre Ole Henning Årebrot, Øyvind Tangen, Ståle Karstensen, Kjell-Robert Larsen, Linn Theres Nekkøy, Åsmund Midtbø og Atle Nekkøy. Ikkje til stades Benjamin Nekkøy. Foto: Privat/Linn Theres Nekkøy

– Til saman veg dei rundt seks tonn. Gjennomsnittet ligg på eit par hundre kilo, seier skipper på «Bluefin», Atle Nekkøy.

I tre dagar har dei jakta på den største og raskaste tunfiskarten.

– Det er ein svært spennande fisk å fiske. Det er nett som å vere på jakt, fortel Nekkøy.

«Bluefin» reiste først ut tysdag morgon, men hadde ikkje hellet med seg.

– Første dagen hadde vi knapt rokke å drikke kaffi før vi reiste ut. Det blei stor oppstandelse då vi møtte på stimen, og såg kor store mengder det var. Men ho er vanskeleg å ha med å gjere, denne størja. Vanvitig kjapp og heilt «crazy», seier skipperen på telefon, på veg heim frå fisket i Øygarden.

Les også

Sportsfiskarar vil ha sin del: – Kan bli moro å få makrellstørje på 200–300 kilo på stong

– HEILT CRAZY: – Det var heilt enorme mengder fisk, og størjene oppførte seg heilt rart. Tidlegare har dei vore rolegare på kveldstid, men i år var dei heilt ville og galne, seier skipper Atle Nekkøy. Foto: Privat/Linn Theres Nekkøy

Den norske totalkvoten på makrellstørje er 52 tonn. Av dette har «Bluefin» fått løyve til å fiske 30 tonn. Det er også sett av vel ti tonn til det som blir rekna som uunngåeleg bifangst i fiske etter andre artar.

Kvoten blei tildelt ved loddtrekning, og i år var det «Bluefin» som trekte det lengste strået.

Det kan vere gull verdt. Makrellstørja vert kalla den dyraste fisken i verda, og kan koste fleire hundre kroner per kilo. I tiåra etter krigen vart det fiska fleire tusen tonn, før det brått var stopp på 1980-talet. Sidan då har størja vore vanskeleg å finne.

Les også

Her blir kjempefiskane tatt i land

Enorme mengder

På dag to hadde florøværingane heller ikkje fiskelykka med seg.

– Onsdag drog vi lenger nordover, men fann rett og slett ikkje fisken. Eit vindkast gjorde at vi snudde sørover mot Bulandet, og brått var ho der. Men det var vanskeleg. Fisken er heilt vill, og vi måtte gi opp i halv ti-tida, seier Nekkøy.

Men alle gode ting er tre. Utanfor Øygarden i Hordaland fekk dei napp.

STORFISK: Torsdag fekk båten «Bluefin» frå Flora heile 29 makrellstørjer på til saman seks tonn. Foto: Privat/Linn Theres Nekkøy

Les også

Her kjem fiskeeventyret til Bergen

– Vi ligg på taket med kikkert og speidar etter størjene, som er svært lette å sjå, der dei bykser og hoppar. I dag var det rett og slett heilt enorme mengder. Heilt overveldande! Etter å ha øvd oss eit par dagar – med fleire bomkast – fekk vi napp, fortel Nekkøy.

Han fortel at fisken held ein fart på 4,5 knop, og at mannskapet om bord måtte prøve og feile før dei fekk taket på det.

– Det gjeld å vite korleis ein skal kaste. Sidan fisken er så uføreseieleg og kjapp, er det vanskeleg å få han på kroken, seier Nekkøy.

Tør ikkje tippe pris

Den erfarne skipperen seier at han aldri har sett så mykje størje, og at fisken er lagt villare no enn tidlegare.

– Det verkar og som at fisken finst langs heile kysten. Det er fanga fisk utanfor både Sverige og Danmark, så her er det ein jobb å gjere for å finne ut om det er mogeleg at fleire båtar kan delta i fisket, seier Nekkøy.

Båten kjem til Florø natt til fredag, der Fiskeridirektoratet skal godkjenne fangsten. Når fisken er levert, ber det utpå igjen.

– Vi har framleis mykje igjen av kvoten og eit par dagar til med godt vêr. Kva pris vi får for dette, tør eg ikkje tippe. Vi har blitt skuffa før, så denne gongen tek vi det berre som det kjem, seier Nekkøy.

I fjor var det MS «Hillersøy» frå Bulandet som fekk sjansen til å jakte på makrellstørja. Dei fekk heile 190 størjer.

Foto: Privat/Linn Theres Nekkøy

Publisert