Piratsjåføren plukka opp to passasjerar. Rett bak stod politiet og følgde med.

– Dette kjem vi aldri til å gjere igjen.

Publisert Publisert

TATT AV SIVILPOLITI: Ein pirattaxi stoppa rett framfor den sivile politibilen og plukka opp to passasjerar. Foto: Jannica Luoto

  • Adalheidur Audardottir Oldeide
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Musikken frå uteplassane langs Zachariasbryggen i Bergen dundrar ut mot gata.

Laurdag natt kryr det av menneske med ustødig gonge langs bargata ved Bryggen.

Nokre skal heim, andre er akkurat komne.

Thomas Strand står parkert like ved Vågsbunnen og følgjer nøye med på folk som går inn og ut av bilar langs uteplassane. Politibetjenten har gjort dette før.

Han og kollega Violet Johansen veit nøyaktig kva dei skal sjå etter.

I 01.30-tida stoppar ein Golf like framfor den sivile politibilen. Bilen blir ståande der nokre minuttar før ei kvinne og ein mann i 40-åra går mot bilen og snakkar med sjåføren inn ruta på passasjersida.

I det dei to set seg inn i baksetet og bilen svingar ut på vegen, slår politibetjent Strand på blålysa på politibilen og legg seg på hjul bak Golfen.

LEITAR ETTER PIRATTAXIAR: Politibetjent Thomas Strand følgjer med på bilar som plukkar opp folk i Bergen sentrum seint laurdag kveld. Foto: Jannica Luoto

Slår ned på piratkøyring

Det siste året har a-krimsenteret jobba med å slå ned på piratkøyring i Bergen.

Senterkoordinator Julie Ekeland seier den ulovlege næringa har endra seg den siste tida.

– No får sjåførane kontakt med kundane sine gjennom sosiale medium og plukkar dei opp etter avtale.

A-krim er eit samarbeid mellom politiet, arbeidstilsynet, NAV, Skatteetaten og Kemneren. Fokuset er utvalde grupper som er spesielt utsette for arbeidslivskriminalitet, som til dømes pirattaxi-næringa.

– Dette er helt klart alvorleg. Vi ser på dette som like alvorleg som alt anna svart arbeid, seier senterkoordinator Ekeland.

– ALVORLEG: Julie Ekeland i a-krim seier ho ser like alvorleg på pirattaxi-næringa som alt anna svart arbeid. Foto: Eirik Brekke

– Kan vere farleg

Ho seier mange som vel å nytte pirattaxi truleg ikkje er klar over alle dei negative sidene ved det og at ein tek ein stor risk ved å setje seg inn i ein bil med ein sjåfør ein ikkje veit noko om.

– Ein anar ikkje om personen har sertifikat, om personen er rusa eller i kva stand bilen er. Det kan vere farleg.

I tillegg viser Ekeland til negative konsekvensar som tapte inntekter til samfunnet og undergraving av systemet med offentleg regulerte drosjeløyve.

– Dette bidrar folk til ved å setje seg inn i ein bil som blir køyrt av ein vilt framand, berre for å betale litt mindre enn dei gjer for ei lovleg drosje.

– Dette gjer vi ikkje igjen

I Bergen sentrum har politibetjent Strand tatt igjen Golfen han mistenkjer er ein pirattaxi. No signaliserer han til sjåføren at han skal stoppe.

Sjåføren senkar farta og stoppar like nedanfor Fløibanen.

Dei to politibetjentane skundar seg ut av bilen og fram til Golfen. Dei to passasjerane i baksetet og sjåføren blir raskt splitta av dei to politibetjentane for at dei ikkje skal rekke å samkøyre historiene sine.

Både sjåføren og passasjerane vedgår at dei ikkje kjenner kvarandre.

Sjåføren, ein mann i tjueåra, vedgår straffskuld og blir avhøyrt av politiet på staden. Han fortel at han oppheldt seg i byen i håp om å køyre folk for å tene pengar.

Mannen blir meldt til politiet, og deretter er det opp til juristen kva konsekvensar den ulovlege køyringa får for mannen. Truleg får han eit førelegg på kring 8000 kroner.

AVHØYRER SJÅFØREN: Politibetjent Violet Johansen tar eit raskt avhøyr av sjåføren i baksetet på politibilen. Foto: Jannica Luoto

Ville raskare heim

Dei to passasjerane seier til politibetjent Strand at dei fann ein pirattaxi og valde å betale han for at han skulle køyre dei heim.

– Vi skulle heim, så enkelt var det. Vi tenkte det var ei grei løysing.

Kvinna i 40-åra seier dei ikkje hadde avtala ein pris med sjåføren, og seier det er første gong ho har brukt pirattaxi.

– Dette kjem vi aldri til å gjere igjen for å seie det slik. Det er faktisk tryggande at politiet stoppa oss.

Før ho og kjærasten kan gå frå staden, får dei ei opplæring i reglane av Skatteetaten som er med politiet. Før dei går, lovar dei å ta ei drosje heim.

– ANGRAR: Kjæresteparet som hadde lyst å kome seg raskare og billegare heim frå byen, enda opp med å bli avhøyrt av politiet. Foto: Jannica Luoto

Spana i Facebook-grupper

I fleire månader har a-krim følgt med på Facebook-grupper der piratsjåførar og passasjerar avtalar tidspunkt og pris for køyring.

Dei største gruppene har opp mot 15.000 medlemmar.

Ekeland fortel at a-krim i første omgang med arbeidet har valt ei førebyggande tilnærming.

AVTALAR: Hundrevis av avtalar om køyring og henting blir gjort kvar helg i dei mange Facebook-gruppene for køyring og henting i Hordaland. Foto: Skjermdump Facebook

– Vi har tatt kontakt med ei rekke personar som tilbyr transport på sosiale medium. Dei er blitt kalla inn til ei samtale der vi har forklart regelverket og at dei må rapportere inn inntektene frå køyringa på sjølvmeldinga.

Ho fortel at fleire takka ja til ein samtale, men at ingen av dei har rapportert inntektene i etterkant.

Difor har a-krim fleire gonger i år halde utkikk etter sjåførane frå Facebook-gruppene når dei patruljerer bergensgatene seine kveldar.

At dei har valt å fokusere på sosiale medium, er fordi stadig fleire vel å nytte seg av slike køyregrupper, ifølgje Ekeland.

I løpet av førre helg, blei det posta fleire hundre meldingar av både sjåførar og folk som ønska sjåfør på ei av dei største Facebook-gruppene for køyring i Hordaland.

LISTER FRÅ FACEBOOK: Politibetjent Thomas Strand studerer lista med bilnummeret til sjåførar frå køyregruppene på Facebook for å sjå om nokon av dei oppheld seg rundt uteplassane i Bergen sentrum. Foto: Jannica Luoto

BT har vore i kontakt med ein mann som står oppført som sjåfør i ei av gruppene.

Mannen, som BT har latt vere anonym, seier det er tryggare å avtale køyring på nettet med folk ein kan sjå kven er, enn å sette seg inn i ein tilfeldig bil på gata.

Han seier han ikkje lenger køyrer folk mot betaling, men at han ikkje har tankar rundt at det er ulovleg.

– For folk som bur utanfor byen kostar det kanskje over tusen kroner å kome seg heim med vanleg taxi. Då er dette eit greitt alternativ.

Tapar kundar

Jan Valeur, direktør i Bergen Taxi, seier pirattaxi er eit stort samfunnsproblem.

Han fortel at Bergen Taxi i 2018 gjorde ei kartlegging av pirattaxinæringa i Hordaland.

– Vi fann 22 ulike køyregrupper på Facebook. Totalt var det 85.000 medlemmar i desse gruppene.

Han seier dette har fleire konsekvensar for drosjeselskapa.

– For det første tapar vi kundar. Dessutan får det konsekvensar for rekrutteringa til næringa, dersom det er slik at enkelte heller vil køyre ulovleg utan å betale skatt enn å køyre for lovlege selskap.

IKKJE ULOVLEG: Søstrene Cathlyn og Charlotte Jakobsen blei ikkje urolege då politiet stoppa dei. – Vi har vore på Gullruten og blei henta av eit familiemedlem. Det er berre bra at politiet gjer dette. Ein høyrer om folk som har dårlege episodar med pirattaxi, seier Cathlyn Jakobsen. Odd Magne Persson i Skatteetaten forklarar søstrene kvifor politiet stoppar sjåførar i sentrum. Foto: Jannica Luoto

I Bergen sentrum har politibetjent Strand og Johansen det travelt. På uteplassane er festen i ferd med å ta slutt. No skal folk skal heim.

No går turen til Nøstet der sivile bilar står på rekke og rad.

– Når vi er ute og patruljerer slik som dette ser ein kor stort problemet er. Vi kjem til å gjere dette oftare, seier Strand.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Uber vil skape fattige arbeidere i Norge

  2. Halliktiltalt: – Hvis jeg er en slik mafiamann med prostituerte, hvorfor lever jeg ikke da i sus og dus

  3. Kynisk råkapitalisme

  1. Pirattaxi
  2. Svart arbeid
  3. Skatteetaten
  4. Krim
  5. Økokrim