PODKAST: Strippeklubben med ni liv

Høyr historia om strippeklubben som lurte loven her.

KONTROVERSIELT: Bystyret i Bergen bestemte at strippeklubbar i Bergen ikkje skulle få lov å selje alkohol i 2016. Likevel lever strippeklubben After Dark i beste velgåande. Eirik Brekke

I årevis har politikar og aktivistar gjort alt dei kan for å stengje ned Bergens einaste strippeklubb, After Dark.

Men dei har ikkje lukkast.

Strippeklubben har snirkla seg gjennom lovverket i fleire år, mellom anna ved hjelp av ei lita gardin.

– Eg gir meg ikkje, seier eigaren av klubben, Geir Carlsen.

No er kampen om å stenge klubben i gang på nytt - korleis vil det gå denne gongen?

I dagens episode av BT20 får du historia om strippeklubben med ni liv.

Denne veka i BT20 fortel eigaren av After Dark, Geir Carlsen, BT-journalist Gerd Tjeldflåt og kommentator Eirin Eikefjord historia om Bergens einaste strippeklubb.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

STRIPPEPODKAST: Programleiar Ingvild Nave og kommentator Eirin Eikefjord. Bjørn Erik Larsen