Brannutrykking til garasjeanlegg i Loddefjord

Garasjeanlegget ligg under ei lågblokk som blei evakuert.

Publisert Publisert

RYKKA UT: Brannvesenet rykka ut etter melding om at det velta svart røyk ut av garasjen. Foto: Tommy Ramstad

110-sentralen rykka i kveld ut etter melding om brann i eit garasjeanlegg i Brønndalsåsen i Loddefjord.

– Der er full fyr i eit garasjeanlegget, som ligg under ei lågblokk, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen, Ronald Drotningsvik klokka 23.00.

Brannvesenet fekk melding om at det velta svart røyk ut av garasjen. Politiet var i ferd med å evakuere blokka, men heldigvis fekk brannvesenet raskt kontroll på elden.

Evakuerte blokka

Klokka 23.08 meldte politiet at brannvesenet hadde kontroll. Brannvesenet byrja då med å kjøle ned eldstaden og drive ettersløkking.

– Flammane er slått ned og det er inga fare for spreiing, fortel Drotningsvik ved 110-sentralen.

– Vi har bestemt oss for å avslutte evakueringa, utanom i to oppgangar der det er kome inn ein del røyk. No er planen å lufte ut, før dei kan sleppe inn igjen, sa operasjonsleiar Per Algrøy klokka 23.20.

Kva som er årsaka til brannen er framleis usikkert.

– Det vi kan seie er at det ikkje er snakk om brann i ein elbil. Då ville dette tatt mykje lenger tid å sløkke, fortel Drotningsvik i brannvesenet.

Bebuar: – Fekk litt sjokk

Tommy Ramstad bur i blokka, og er ein av dei som blei evakuert.

– Eg var ute, men fekk beskjed frå naboen om at det brann i garasjen og at alle måtte kome seg ut. Eg fekk litt sjokk då eg såg det, fortel han.

Klokka 23.53 var han framleis evakuert. Hans leilegheit er ein av dei som ligg nærast garasjen der det tok fyr, fortel han.

– Det ser ut som det nærmar seg at vi kan gå inn igjen no. Etter det eg har høyrt er det ein motorsykkel og ein bil som skal ha brent.

Publisert