– Askøy-politikarane har stappa bomull i øyrene
PODKAST: Skandalen med drikkevatnet på Askøy har vore ein varsla katastrofe, seier BT-kommentator Hans Mjelva i vekas episode av podkasten BT20.

BT20: Korleis kunne Askøy havne i ein situasjon der fleire tusen innbyggjarar blir sjuke av drikkevatnet? Det er tema for vekas episode av BT20.
– Det er ikkje tilfeldig at dette skjer på Askøy. Det er ein varsla katastrofe, der ein over lang tid ikkje har klart å byggje ny drikkevasskjelde til tross for at alle har sett at dette var nødvendig, seier kommentator Hans K. Mjelva til programleiar Kjersti Mjør.
– Alarmklokkene har ringt og kima, men ingen har høyrt godt nok etter?, spør Mjør.
– Eller dei har stappa bomull i øyrene og berre latt det gå, seier Mjelva.
Gjester er journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentator Hans Mjelva.
Programleiar er Kjersti Mjør.
Mest lest akkurat nå
Nina har ikke turt å drikke vannet på ti år. – Er litt skremt.
Ble historisk på «Bergens nasjonaldag»
Nabo: – Eit under at vi ikkje mista huset
Han var kjendisadvokat og gift med ordføraren. Bak fasaden var Odd Drevland (71) i ferd med å gå til grunne.
To sjåfører promilletatt
Vannet fosset på skolen. – Det er nok store skader.