BT20: Korleis kunne Askøy havne i ein situasjon der fleire tusen innbyggjarar blir sjuke av drikkevatnet? Det er tema for vekas episode av BT20.

– Det er ikkje tilfeldig at dette skjer på Askøy. Det er ein varsla katastrofe, der ein over lang tid ikkje har klart å byggje ny drikkevasskjelde til tross for at alle har sett at dette var nødvendig, seier kommentator Hans K. Mjelva til programleiar Kjersti Mjør.

– Alarmklokkene har ringt og kima, men ingen har høyrt godt nok etter?, spør Mjør.

– Eller dei har stappa bomull i øyrene og berre latt det gå, seier Mjelva.

Gjester er journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentator Hans Mjelva.

Programleiar er Kjersti Mjør.