I arkiva er det mange døme på at vestlendingane kan verta både urolege og rebelske om for mykje går dei imot. Kong Kristian 3. ville ikkje risikera opprør. Eit nesten 500 år gammalt papirbrev i Riksarkivet viser at han ville innføra reformasjonen på Vestlandet med list og lempe.

For 480 år sidan i dag, den 17. juni 1537 skreiv kongen i København, Kristian 3., til sin «trugne mann, rådgjevar og embetsmann» på Bergenhus, den danske adelsmannen Eske Bille.

I brevet gav han nokre instruksar i samband med nyordninga som skulle komma etter det som seinare har vorte kjent som reformasjonen.

Gods, gull og eigedom

Eske Bille fekk fleire befalingar frå kongen. Den eine var at han skulle auka mengda krongods. Dette skulle skje ved at kongen skulle overta alle eigedomane som var eigd av biskopen i Bergen stift, i tillegg til eigedomane som var eigd av kloster som no stod tomme.

Domkapittelet i Bergen, sokneprestane samt dei klostera der det framleis budde folk, skulle derimot framleis få ha eigedomane sine i fred for kongen.

SELJA KLOSTER: Selja kloster i Nordfjord, med Stad i bakgrunnen.
Jo Rune Ugulen

Eske Bille skulle også laga lister over sølv, gull, brev og verdigjenstandar som fanst i bispedømmet sine mange kyrkjer, kloster og hospital.

Det var fleire rike kloster i bispedømmet: Halsnøy kloster i Sunnhordland og Munkeliv kloster som låg på Klosteret i Bergen, var begge av dei rikaste i landet Også Lyse kloster på Os hadde store eigedomar på Vestlandet.

Etter reformasjonen vart desse tre klostera på eit vis leigd vekk til adelsmenn, slik at

lensherrane fekk inntektene frå alle eigedomane til dei tidlegare klostera.

HALSNØY KLOSTER: Biletet viser den såkalla vestfløya på Halsnøy Kloster. I denne bygningen var det eldhus med baksteovner og røykomn. Treet i forgrunnen er eit freda, ca. 550 år gammalt asketre. Treet er hult og steinar frå murane i det som blei omtalt som hospitalstuen har vakse inn i treet.
Marianne Herfindal Johannessen

Fråflytta kloster

Av fråflytta kloster i bispedømmet i 1537 kan vi rekna med Selje kloster i Nordfjord (fråflytta alt i 1460- eller 1470-åra), dominikanarklosteret på Holmen i Bergen (dette brann i 1528, og fekk aldri eit nytt anlegg) og Nonneseter kloster i Bergen.

Jordeigedomane til det sistnemnde hadde alt i 1528 vorte gjevne til Vincens Lunge, og kom dermed til å danna grunnstamma i det seinare Lungegårdsgodset.

Eigedomane til Selje kloster vart i 1545 lagt til St. Jørgens hospital i Bergen, og vart med det eit viktig element i finansieringa av arbeidet på hospitalet gjennom mange hundre år.

Fransiskanarklosteret i Bergen eksisterte framleis i 1530-åra, men i 1536 overtok biskopen det, og klosterkyrkja der vart domkyrkje – Bergen domkyrkje i dag.

KLOSTER I BERGEN: Kloster i Bergen på 1300-talet. GRAFIKK: HEIDI GROTLE

Fattige og uforstandige folk

I brevet sitt gav kongen også instruksar om at Eske skulle lata kyrkja sine folk bli ved sine gamle skikkar. Han skulle ikkje setja inn nye predikantar, slik at den «simple, fattige og uforstandige» almugen vart uroleg, før kongen på meir lempeleg vis kunne gje dei betre forstand på Guds ord.

Kongen skulle snart senda ein biskop til stiftet, og bad samstundes om at Eske Bille heldt kongen underretta om utviklinga i Bergen.

Vi ser her at kongen i København var godt klar over at dei heilt store og omfattande endringane som skulle til i samband med innføringa av reformasjonen i Noreg, måtte og burde ta tid, dersom det ikkje skulle bli stor uro i landet.

I motsetnad til Danmark hadde ikkje Noreg ei relativt utbreidd folkeleg luthersk rørsle som kunne gjera ein slik overgang enklare.

Trass i at reformasjonen i Noreg formelt sett vart innført den 30. oktober 1536 ved ei kongeleg forordning frå Kristian 3., tok det si tid. Då erkebiskop Olav Engelbrektsson flykta frå landet i aprildagane 1537, markerte det slutten på den seriøse politiske motstanden mot innføringa av reformasjonen.

Men den folkelege motstanden varte nok ved – sjølv om denne motstanden ikkje naudsynleg var særskilt aktiv. Folk flest var konservative, og lite interesserte i store endringar. Dei ville ha det slik det alltid hadde vore, og det ville ta tid å gjennomføra alle endringane. Dette visste Kristian 3. sjølvsagt svært godt. Og det er i dette lyset vi må lesa instruksen frå kongen til Eske Bille.

ARTIKKELFORFATTAR: JO RUNE UGULEN, er historikar og førstearkivar ved Statsarkivet.
Privat
ARTIKKELFORFATTAR: Marianne Herfindal Johannessen, er historikar og arkivar ved Statsarkivet.
Paul Sigve Amundsen

Straff både i dette livet – og i det neste

Folk kringom i landet heldt då også fast ved mange av dei katolske skikkane også ei tid etter reformasjonen.

Til dømes tok bøndene i Eidfjord kring 1550 seg ein prest som heldt messer slik bøndene ville ha dei – det vil seia katolske messer. Dette kjenner vi til gjennom eit brev frå 1553, fordi då ville også folket i Ullensvang og Kinsarvik ha det slik som eidfjordingane.

Då sette øvrigheita på Bergenhus foten ned, og lova straff både i dette og neste liv, dersom ikkje hardingane kom på betre tankar. Innføringa av reformasjonen gjekk ikkje heilt knirkefritt, og det tok si tid før den slo gjennom over alt.

I arkivmagasina finst det mange gamle brev og dokument som kvar for seg fortel litt av historia vår. Dei eldste dokumenta er vanskeleg å lesa for dei som ikkje er særskild skriftkyndige, og språket i dei gjer også at innhaldet heller ikkje alltid er lett forståeleg. Difor finst det i Arkivverket tilsette som kan lesa og tolka slike dokument.

Kjelder: Originaldokumentet frå 17. juni 1537 er på papir og finst i Riksarkivets diplomsamling. Det er trykt i Diplomatarium Norvegicum XXII, nr. 396.