Høyanger fekk mobbebot

Som første kommune i landet, har Høyanger kommune fått bot fordi elevar vart mobba.

  • Cathrine Krane Hansen
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over syv år gammel

Høyanger kommune får ei føretaksstraff på 100.000 kroner for å ha brote Opplæringslova, avisa Firda.

I februar 2013 og i november 2013 vart Høyanger kommune meld til politiet av foreldra til to elevar ved Høyanger skule.

Foreldra meiner at kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad har følgd opp elevane som etter foreldras syn har vore utsette for langvarig psykisk og fysisk mobbing.

Truga med kniv

Begge elevane gjekk i same klasse på Høyanger skule. Politimeisteren i Sogn og Fjordane har avgjort at Høyanger kommune har brote lova i begge desse sakene.

Ein av elevane har mellom anna blitt truga med kniv i skuletida og fått drapstrugsmål.

— Eg ber foreldra og elevane dette gjeld om orsaking dersom dei ikkje har hatt gode opplevingar i kontakten med Høyanger skule, og dersom dei ikkje har fått den omsorg og oppfølging som dei har krav på, seier Høyanger-rådmann Arve Varden til Firda.

Lover betring

Han meiner boten vil føre til skjerping i kommunen, og fortel at ein i fjor haust starta ein prosess med å få eit betre system for å handtere slike hendingar.

Kommunen får bota på 100.000 kroner for å ha brote to punkt i Opplæringslova: For ikkje å ha sett inn tilstrekkelege tiltak for å hindre nye hendingar, og for ikkje å ha gjort einskildvedtak slik Opplæringslova pålegg skuleleiinga.

Høyanger kommune har fem dagar på å avgjere om dei godtek bota, men kan søkje om lenger svarfrist.

Kan bli søksmål

Snorre Sæveraas, som er advokat for familien til ein elevane i mobbesaka ved Høyanger skule, seier at denne saka er heilt unik, og at han ikkje kjenner til at det har skjedd før at ein norsk kommune har fått bot for brot på opplæringslova.

Sæveraas seier at han mellom anna har sjekka Lovdata og nettet, utan å finne noko.

Han har enno ikkje drøfta videre oppfølging med foreldra, men avviser ikkje at erstatningssøksmål mot kommunen kan vere aktuelt.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Dette sier styrelederen om Brann-trenerens fremtid

Kåre Ingebrigtsen sier han har troen på at Brann skal klare å snu skuten.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Dette sier styrelederen om Brann-trenerens fremtid

  2. Funn av død person i traktor

  3. Stengte tunneler skapte køer i sentrum

  4. Ikke én hadde på seg Brann-drakt på Fotballpuben. – Fansen har resignert.

  5. Ti kategoriar. Femti finalistar. Dette er det beste Bergen har å by på.

  6. Malena stilte seg opp foran bilen som kom for sent til kolonnen. Så ga sjåføren gass.