– Denne helga ville eg utnytta godt. Den er kostbar.

Meteorologen har ein god og ein dårleg nyheit for vestlendingane.

Publisert:

BLÅ HIMMEL I SIKTE: I helga kan ein vente seg sol og litt varmare temperaturar, ifølgje meteorologen. Foto: Siri Øverland Eriksen (Arkiv)

I slutten av førre veke fekk Vestlandet ei påminning om at hausten på full frammarsj. Meteorologisk institutt sende ut gult farevarsel om mykje snø i Sogn og Fjordane og varsel om heftige regnbyer i Hordaland.

No ser det meir lovande ut, skal ein tru prognosane.

– Vi går mot lettare vêr på heile Vestlandet. Dette heng saman med at nordavinden er i ferd med å trekke seg austover, seier meteorolog Isak Slettebø ved Stormgeo.

Blå himmel i sikte

At nordvinden er på veg austover, betyr at vi kjem under ein såkalla høgtrykksrygg. Den gir austavind og meir opphaldsvêr enn det som har vore på Vestlandet den siste tida, seier meteorologen.

– Så snart dette vindfeltet vi er i no har passert, vil ein sjå meir blå himmel og meir sol.

Onsdag vil ein truleg få enkelte byger nord på Vestlandet, men utover veka blir det lettare og lettare, ifølgje meteorologen.

Vestlandet slepp unna «Lorenzo»

Slettebø seier at det har vore usikkert korleis helgevêret ville bli i Norge på grunn av orkanen «Lorenzo» i Atlanterhavet.

– Orkanen har indirekte innverknad på oss fordi den har herredøme over luftstraumane i eit kjempestort område. No ser det ut til at Vestlandet slepp billeg unna.

Les også

Nå kommer snøen: – Det kan bli uhyggelige kjøreforhold

Ifølgje prognosane ser det lovande ut for Vestlandet i helga.

– Heile helga ser veldig bra ut, stort sett for heile Vestlandet. I Bergen kan ein vente seg sol, kanskje eit lettare skydekke og litt høgare temperaturar enn det vi har hatt i starten av veka. Eg ville ha utnytta denne helga godt. Den er kostbar, seier Slettebø ved Stormgeo.

Vått i haustferien

Det er likevel ingenting som tydar på at det fine helgevêret vil halde fram i komande veke, ifølgje meteorologen.

Det er dårleg nytt for haustferien som startar i veke 41 for Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Statistisk sett er dette ei sur årstid. I neste veke tydar alt på at nye lågtrykk og nye frontar vil kome inn. Det vil seie vanleg, vått haustvêr.

Publisert: