Kraftkar mot kreft

– Eg er skrudd saman slik at eg aldri gjer meg når det er noko eg trur på, seier Hans Jarle Einarsen. Det skal kreftpasientar vera umåteleg glade for.

STA OG STOLT STRIL: Marknadssjef Hans Jarle Einarsen på Sartor storsenter er ein kraftkar i kampen mot kreft. Sotrastrilen engasjerer og inspirerer folk og næringsliv i øykommunane til å gjera ein innsats for medmenneske og kreftforsking. Marita Aarekol

Hans Jarle Einarsen ruver ikkje i kontorlandskapet på Sartor storsenter, men han er kjappare og seigare enn dei fleste.

Badmintonspelaren og maratonløparen er energisk og engasjert. Dei siste ti åra har han vore ei drivkraft i innsamlinga av fleire millionar kroner til kreftforsking.

– Det gjer noko med deg

Einarsen har mista både familie og venner i kreft.

Han var tolv år gammal då morfaren hans døydde av lungekreft i 1981. Ein morfar han var nært knytt til og som han var mykje i lag med.

– Det gjer noko med deg når folk du er glad i døyr. Fleire av dei eg har mista kunne kanskje vore redda med det kreftforskarane no har funne ut. Eg har møtt forskarar og eg har møtt pasientar som har overlevd sjukdomen, og veit kor mykje dette betyr, seier han.

Ikkje berre har han møtt dei på sjukehuset. Han har hatt med seg kreftforskaren Stian Knappskog på møte med dei tilsette på Sartor storsenter og med verksemder på Sotra.

MÅLSAUM: – Korkje i våre butikkar eller i kreftforskinga er det slik at «one size fits all». Våre kundar må ha rett storleik på kleda og kreftpasientar må ha individuelt tilpassa behandling til sin sjukdom, meiner Einarsen. Marita Aarekol

– Det er noko rart med strilane

Kreftforeningens årlege innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft startar fredag og held på i to veker. På Sotra har dei alt tjuvstarta.

– Det er noko rart med oss sotrastrilar. Når du først har fått folk og bedrifter her med deg, så har dei eit engasjement for lokalsamfunnet som er ganske unikt. Eg er stolt over kulturen og korleis dei stiller opp for kreftsaka, seier Einarsen.

Sartor storsenter er det 170 butikkar og leigetakarar.

I fjor hadde senteret 5,5 millionar kundar, og dei er kring 1400 tilsette. Under aksjonsvekene blir innsamlingsaksjonen markert både med stands og med ballongar. 9. mars skal dei ha ein auksjon med gåver frå både butikkar og lokale verksemder.

Rullar og går

– Gjennom Vest næringsråd har vi starta ein stafett mellom bedriftene for å samla inn pengar til kreftsaka. Bedriftene utfordrar kvarandre, det rullar og går, og pengar kjem inn. Rundt 3,5 millionar kroner er det blitt desse åra, seier Einarsen.

Han legg til at er kjekt å sjå korleis det lokale næringslivet stiller opp, sjølv om det har gått både opp og ned med innteninga deira dei siste åra.

Engasjementet dei skaper på Sartor og Sotra har fått ringverknader.

I år er både Knarvik senter, Horisont, Åsane storsenter og Jessheim storsenter med på innsamlingsaksjonen.

– Sju maratonar i år

Det var litt tilfeldig at energibunten frå Kolltveit vart ei kraft i kreftarbeidet.

Han vart utfordra til å springe maraton i Stockholm i 2009.

Som det konkurransemennesket han er, tok han utfordringa, sjølv om han aldri før hadde sprunge lengre enn fem kilometer.

– Det var jo galskap, men vi sprang for eit godt formål. Det var ei stor oppleving å klara det og å koma i mål på min første maraton, fortel Einarsen

– HEILT KONGE: Her spring Hans Jarle Einarsen sitt første maraton, Stockholm Marathon i 2009. – Eg var heilt utsliten, men det var konge å klara det og koma i mål. privat

I forkant av løpet møtte dei Jack Waitz, mannen til kreftsjuke Grete Waitz.

Han gav dei både løpetips og ei god orientering om Aktiv mot kreft. Einarsen tenkte på morfaren sin og fann ut at dette gav meining. Då bestemte han seg for at han også ville gjera ein innsats.

Gjer seg ikkje

I januar i år lova han høgtideleg verksemdene i Vest næringsråd at om dei støtter godt opp om innsamlingsstafetten, så skulle han løpa 20 maratonar før han vart 50 år. Problemet var at han blir 50 år i november, og berre hadde sprunge 13 maratonar ved årsskiftet.

– Det er jo galskap det og, men dei to første har eg sprunge i år, så no er det berre fem maratonar att. Eg er skrudd saman slik, at eg aldri gjer meg når det er noko eg brenner for og trur på. Eg set meg mål, og er så sta at eg ikkje gjer meg før eg har nådd dei.