Fersk «bosskai» klar til bruk i Skuteviken
Eldsjel Roger Iversen og domfelte med samfunnstraff restaurerer den svært forfalne kaia på dugnad.
800 ÅR GAMMAL: Kaia har stått i Skuteviken sidan 1200-talet. Kaia er kanskje den eldste i byen. Foto: Bjørn Erik Larsen
I Skuteviken i Bergen sentrum har eldsjeler gitt eit øydelagt kulturminne nytt liv.
Kaia, som vert omtala som bosskaien, blei bygd på 1200-talet.
ØYDELAGT: I 2009 sette stormen Nina sine spor på den gamle kaia. Foto: Vegar Valde
I 1875 vart ho bygd om til bosstømming og renovasjonsetaten dumpa boss her fram til 1975.
Formålet med restaureringa var å gjere den tilnærma lik utgåva frå 1875.
TAKKNEMLIG: Tore Thoresen har mange gode minner om kaia. Foto: Bjørn Erik Larsen
– Eit viktig kulturminne
Forbipasserande Tore Thoresen lyser opp når han får auge på Roger Iversen.
Iversen er eldsjela som står bak restaurareringa, og Thoresen fortel at bestefaren hadde båt her før i tida.
Området var tidlegare ei stor fjære, med fleire kaiar som stakk ut.
– Tusen takk for at de restaurerer kaia. Dette er eit viktig kulturminne, seier han til Iversen.
– Ikke noe ruskevær i sikte de neste ti dagene
Samarbeid med kriminalomsorga
Iversen har gjort prosjektet på dugnad, ilag med domfelte fra Hordaland Friomsorgskontor. Iversen har samarbeidd med kriminalomsorga i rundt ti år.
Bergen havn står for finansieringa.
– Eg er imot å fengsle folk, som ikkje er ein fare for andre. Dei som jobbar her har gjort mindre brotsverk. Både dei innsette og samfunnet har det betre når dei er i aktivitet, seier Iversen.
DYNKAR KVARANDRE I LOVORD: Roger Iversen (til høgre) og Havnedirektør Johnny Breivik (til venstre) er svært fornøgde med samarbeidet om restaureringa. Foto: Bjørn Erik Larsen
Vil ha betre tilgjenge
For Bergen havn er dette eit av fleire prosjekt dei støttar for å gjere hamneområda i byen meir tilgjengeleg.
Eit anna prosjekt er restaureringa av Sukkerhuskaien på Nøstet.
– Kor viktige er desse kaiane i bybiletet?
– Dei er svært viktige kulturminne. Dei har hatt ein sentral funksjon for bergensarar i hundrevis av år. Vi må ta vare på dei få som er att, seier hamnedirektør Johnny Breivik.
SISTE BIT i PUSLESPELET: Roger Iversen fortel at han er opptatt av estetikk og kvalitet i alle ledd under restaureringa. Foto: Bjørn Erik Larsen
Ikkje tilrettelagd for bading
Formålet til bossbrygga er ikkje å vere ein badeplass.
Men det skal kome på plass bord, benkar og permanent grill. Den offisielle opninga kjem etter fellesferien.
– Det står att å få på plass elvesteinar med kjetting, som skal halde bilar ute, seier Iversen.
Etter fellesferien ynskjer han å invitere nabolaget til opningsfest.
NY FUNKSJON: Kaia er tidlegare blitt brukt til forankring av mindre båtar. Som la til med folk, dyr og handelsvarer. No skal den på nytt bli ein samlingstad. Foto: Bjørn Erik Larsen
Les også
Mest lest akkurat nå
Bygd isolert: – Jeg har sett flere ras. Men ikke så ille som dette.
Nyheter direkte
Vogntog mistet gjenstand på møtende bil – en person omkom
– Øygarden kommune har gjort ulovlige innkjøp for minst 50 millioner kroner
Et sted for de fleste, bortsett fra pirkete italienere
Sønnene til Knut mistet lappen fordi de hadde røykt hasj. Den ene tok livet sitt.