Kvar dag blir to vegar treft av ras

Frå Odda til Lofthus er det tre mil. Dei ti siste åra har denne strekninga blitt treft av omtrent 200 ras.

Publisert Publisert
  • Erlend Langeland Haugen
  • Kristin Jansen
  • Ove A. Olderkjær
  • Thomas Orten
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Mellom Odda og Ullensvang ligg ein av landets mest berykta rasstrekningar.

Riksveg 13 på austsida av Sørfjorden har hatt fleire ras og stengingar berre i år, og fekk to på same dag då orkanen «Dagmar» herja romjula 2011.

— Det er fortvilande når folk er redde for å køyre til jobb og skule. Sikringa av vegane går altfor tregt og løyvingane er for små, seier John Opdal (H), ordførar i Odda.

Landets verste rasfylke

På litt over ti år har det gått over 7800 ras på riks- og fylkesvegar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Med eit snitt på to ras kvar dag toppar dei to vestlandsfylka den nasjonale rasstatistikken.

Vegane langs bratte fjellskråningar i Hardanger og Sogn er mest utsette.

Fresvik5.jpg

— Vi har etter kvart fått god trening i å handtere stengte vegar. Mellom Odda og Tyssedal set vi inn båt for å få folk til skule og arbeid. Vi har også båt tilgjengeleg for sjuketransport, seier Opdal.

I Nasjonal transportplan (NTP) er strekninga sør for Lofthus prioritert for sikring i den neste fireårsperioden.

Men Odda-ordføraren ventar framleis på pengar til eitt av dei svært skredutsette partia mellom Odda og Kinsarvik, der mange pendlar dagleg.

- Behovet vil auke

— Det rasar mykje på Vestlandet, og vi vil sjå eit endå større behov for rassikring i åra som kjem, seier Sigrid Brattabø Handegard (Sp), politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

— Men temaet har ikkje stor merksemd i hovudstadspressa og lobbymiljøet, seier den tidlegare Jondal-ordføraren.

I 2001 blei Nasjonal rassikringsgruppe etablert av landets sju mest rasutsette fylke. Gruppa sette i forfjor fram eit krav om godt over 20 milliardar kroner til rassikring av alle norske vegar - gjennomført innan 2030.

— I nye NTP er det lagt inn 1,6 milliardar i året. Det er eit solid løft, men vi kjem nok aldri dit at vegane på Vestlandet blir hundre prosent rassikre, seier Handegard.

624 rasutsette strekningar

Statens vegvesen har gitt 193 strekningar i Hordaland og Sogn og Fjordane høgaste prioritet når det gjeld rassikring. Det vil koste om lag åtte milliardar kroner å sikre desse.

Oppå dette kjem så rekninga for dei 431 rasutsette strekningane med middels og låg prioritet.

Midlane til sikring dekkjer på langt nær behovet: Dei neste fire åra har dei to fylka fått tildelt om lag 1,5 milliardar til riksvegar og 800 millionar til fylkesvegar.

PRIORITERT: Riksveg 13 er prioritert av Statens vegvesen og får åleine om lag 900 millionar av Vestlandet sin riksvegpott på 1,5 milliardar dei neste fire åra. Her frå eit ras i Fresvik under orkanen Dagmar i 2011. Foto: AMY BETH HENRICKSON

— Løyvinga vi har fått er langt lågare enn det vi treng. Etterslepet på fylkesvegnettet vårt er på opp mot ni milliardar kroner, seier Tom-Christer Nilsen (H), fylkesordførar i Hordaland.

Han meiner det trengs ein kraftig auke i det statlege tilskotet.

— Raset på fylkesveg 7 i Tokagjelet understreka på ein dramatisk måte behovet for rassikker veg også mellom Bergen og Hardanger, seier fylkesordførar Nilsen.

Riksveg 13 blir prioritert

Då Statens vegvesen la fram sitt handlingsprogram måndag, fekk i alle høve innbyggjarar i Odda og Ullensvang gode nyhende: Riksveg 13 er prioritert og får åleine om lag 900 millionar av riksvegpotten til Vestlandet på 1,5 milliardar dei neste fire åra.

— Riksveg 13 har velkjende raspunkt, seinast under orkanen Dagmar vart dette området hardt ramma, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Om BTs kart, som viser at riksveg 13 på austsida av Sørfjorden er den soleklart mest rasutsette riksvegen på Vestlandet, seier regionvegsjefen:

— Det viser at prioriteringa er riktig.

I Nasjonal Transportplan (NTP) er det fram mot 2023 totalt sett av 8,9 milliardar og 7,7 milliardar til skredsikring av høvesvis riks- og fylkesvegar for heile landet.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. - Håpar at vinteren går fort

  2. Nær 8000 ras på 10 år

BT anbefaler

– Jeg elsker Brann, jeg har vært lojal, men nå vil jeg dra

Gilbert Koomson er krystallklar på at han ønsker å bli solgt til Tyrkia.

LES SAKEN