Slapp ikkje inn med samekofte

Sametingsrepresentant Odd Iver Sara skulle på byen i Bergen, men vart nekta i døra fordi han brukte samekofte.

Foto: Vegar Valde

  • Hans K. Mjelva
  • Kjersti Mjør
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ti år gammel

Skinnande søljer, silkestoff i halsen og skinnsko med svær dusk. Brørne Ole Morten og Odd Iver Sara frå Kautokeino er eit flott syn, der dei står i samisk festkofte på Ole Bulls plass.

— For meg er kofta som ein dress, forklarar Ole Morten Sara.

Derfor tok begge to på seg kofter og lærbukser, då dei skulle på nattklubb i Bergen laurdag kveld. På to klubbar i sentrum vart dei stoppa i døra av vakter som sa at dei ikkje ville sleppe inn gjester i samedrakt.

— Dette er eit slag i andletet. Vi har reist over heile Norge og hatt kofta på, men det som skjedde i Bergen har vi aldri opplevd før, seier Odd Iver Sara.

Trudde vakta spøkte

Ole Ivar Sara er medlem i Sametinget, som skal ha møte i Bergen denne veka. I forkant av møtet reiste han til Bergen på gutetur saman med broren Ole Morten. Dei fortel at dei drakk nokre pils på hotellrommet, før dei gjekk på by'n i 00:30-tida natt til sundag. Første stopp var nattklubben Metro.

  • Vakta seier «nei, de kjem ikkje inn». Vi spør «kvifor ikkje?», og han svarar at antrekket ikkje passar. Først trudde vi at han spøkte, seier Odd Iver Sara,
  • Vi spurde «er vi for fulle?», men dørvakta gjentok at antrekket var problemet.

Brørne bad om å få snakke med sjefsvakta, som også sa nei på grunn av antrekket. Då gjekk dei to vidare til nattklubben Feliz, som heller ikkje ville ha koftekledde gjester.

— Dei sa også at vi ikkje kom inn på grunn av draktene. Dette er rett og slett diskriminering, seier Odd Iver Sara, som er i Bergen for aller første gong.

Byturen enda til slutt på puben Scotsman, der koftekarane kom inn utan problem.

Kofte = uniform

Club manager Marius Larsen på Metro avviser at samane vart nekta på grunn av koftene.

— Dei var synleg rusa båe to, hevdar han.

Larsen seier likevel at Metro har ein kleskode som ikkje tillet uniformer, noko som ifølgje Larsen inkluderer både bunad og samekofter.

  • Så det betyr at dei ikkje hadde kome inn uansett, sjølv om dei hadde vore edru?
  • Det stemmer, men det var ikkje grunnen til at dei ikkje kom inn. For å kome inn på nattklubben i helgane, må du ha på dress eller andre finklede. Samekofte eller bunad, sjølv om det er festdrakter, kvalifiserer ikkje.
  • Er det vanleg å ha ein så streng dresskode?
  • Vi har på langt nær den strengaste dresskoden, seier han, og legg til at dei er mindre strenge midt i veka.
  • Eg veit vi har hatt inne folk i samekofter tidlegare, seier han.

- Diskriminering

Å samanlikne samekofte med uniform er ei avsporing, meiner Odd Iver Sara.

— Ei kofte har ingenting med ein uniform å gjere. Mor mi, for eksempel, går aldri i anna enn kofte, seier han.

Sjølv taklar Odd Iver Sara å få ein slik beskjed, seier han, men det kunne vore langt tøffare for ein ung same i kofte.

— Nordpå har unge tatt opp igjen tradisjonen med å bruke kofte. Men å få ein slik beskjed slengt i trynet for ein ny koftebrukar, kunne verkeleg fått negative konsekvensar, seier sametingsrepresentanten.

- Bør vere lov

Reiselivsdirektør i Bergen Reiselivslag, Ole Warberg, reagerer på at ein utestad har ein kleskode som ikkje tillet samiske festdrakter.

— At ein utestad ønskjer ein kleskode, at folk bør pynte seg, er jo greitt. Men det er klart at ein ikkje bør ha ein kleskode som diskriminerer nokon, seier Warberg.

— Vil du seie ei samisk festkofte er ei uniform, på linje med den til ei sikkerheitsvakt eller ein soldat?

— Nei, overhovud ikkje. Samedrakta er jo ei fantastisk klesdrakt, og festdrakter burde jo vere tillatne på alle utestader. Så for meg høyrest det litt rart ut at ein utestad har forbod mot noko som i utgangspunktet er det finaste ein har, som jo ei festdrakt er, seier han.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Russen har feiret i to dager. Nå slår politisjef alarm.

– Skuffende, sier russestyret.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Se forskjellen på Torgallmenningen fra i fjor til i år

  2. Politiet rykket ut etter melding om slåsskamp på tivoliet ved Bryggen

  3. Over tusen båter deltok i kortesjen, ifølge 17. mai-komiteen: – Fantastisk oppmøte

  4. Her slukes bobilen av flammene

  5. Åtte nye smittede i Bergen – testkø på nasjonaldagen

  6. Snøskred i Sogn: – Ingenting tyder på at noen er tatt