Liv Signe Navarsete er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen. I ein ny podkast fortel den tidlegare Sp-leiaren at ho har lagt den tøffe maktkampen i partiet bak seg.

– Men eg går enno til behandling på Rikshospitalet for posttraumatisk stress, seier Navarsete.

Sogningen fortel også om korleis ho vart mobba på skulen.

– Å bli mobba gjer veldig vondt. Det har følgt meg heile livet, og eg har hatt lett for å føla meg utestengt.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

ANGRAR IKKJE: – Eg var dønn sliten i 2013, seier Liv Signe Navarsete. Den tidlegare Sp-dronninga har ikkje angra på at ho gjekk av som partileiar.
KJERSTI MJØR