Med denne flåten vil dei heve bilen frå 170 meters djup

Flåten som blir brukt for å heve bilen i Jølstravatnet er ferdig bygd.

Publisert:

FLÅTEN: Onsdag blei flåten frakta ut på vatnet til funnstaden av bilen som blei tatt av raset 30. juli i år. Foto: Alf Vidar Snæland

Denne veka byrja arbeidet med å heve bilen som blei tatt av ras ved Jølstrafjorden 30. juli i år.

Politiet meiner det er sannsynleg at den sakna mannen i 50-åra er i bilen.

Det er arendalsfirmaet Norwegian Tunnel Inspection som står for det krevjande hevingsarbeidet.

Prislappen er i underkant av ein million kroner.

170 meter djupt

Politiet har tidlegare truleg lokalisert bilen som ligg 170 meter djupt nede i Jølstravatnet.

Dårleg sikt og forhold på botnen gjorde det likevel vanskeleg å undersøkje bilen for å slå fast om den sakna mannen er i bilen.

Onsdag opplyser politiet at flåten som skal gjere det mogeleg å heve bilen er ferdig bygd og rigga.

RASET: 30. juli dundra skredet ned mot Jølstravatnet. Ein bil blei teken av raset. Foto: Aud Nilsen Ramsvik (arkiv)

Om bord på flåten er det mellom anna ei varmehytte, ROV-utstyr og ein skjerm som får opp undervassbileta og løfteutstyr.

– Det har tatt to dagar å lage flåten. I dag tidleg blei den slept ut på sjøen. No arbeider vi med å forankre flåten der bilen ligg ved å sleppe ned betongringar for at den skal kunne halde seg i ro, seier politioverbetjent Torbjørn Thue.

Lausrive bilen

Onsdag blir det sendt ned ein fjernstyrt miniubåt (ROV) med kamera og lys for å sjekke sikt og forhold på botnen.

Vidare vil ein forsøkje å lausrive den antekne bilen ved hjelp av ein kompressor som er festa til ROV-en.

Denne vil kunne suge vekk jordmassen kring gjenstanden. Dette er ein prosess som kan ta fleire dagar. Målet er å kunne få vekk nok jordmasse slik at ein kan feste lyfteutstyret til gjenstanden, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Betyr mykje for mange

– Eg har fått opplyst at det aldri har vore gjort ei redning så djupt før. Det er ei vanskeleg oppgåve. Ein kan ikkje sende menneske lenger ned enn 50 meter, seier Thue.

Han seier han er glad alt av utstyr endeleg er på plass.

– Det vil bety veldig mykje for mange å få opp bilen. Vi kan ikkje garantere suksess, men vi skal gjere så godt vi kan.

Publisert: