Robåten og andre revynumre

Denne monologen var med i Nornarevyen "Fristaten Salhus" i 1996. Den gir et bilde av nedbyggingen av industribygden Salhus. Se video av andre revynumre!

  • Tore Thorsen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 15 år gammel

Han far rodde alltid øve Salhusfjorden.

Me småongane sto ofte og speida etter han, når han var ute på ein av dei utallege fisketurane sine på Klauvaskallen. Da kunne ikkje vera lett å skaffa mat te ein så stor ungeflokk so me var. Men han far ga seg ikkje so lett. Ofta vart me ståande på kaien heilt te tusmørket kom, før me kunne skimta robåten og høyre dei kraftige åretaka inn mot land. Eg kan huska at me sprang heim før han la inntil, for han far likte ikkje at me var ute so seint.

Seinare på kvelden sat far foran ovnen heime i stova, med gloheit kaffi og fyr på pipa. Han hadde vore våt te skinnet då han kom. Men ho mor hadde rigga av han søkkvåte kle, og fått på han tørre, mens eg lurte på korleis han fekk plass te so mykje vatn i gummistøvlane.

Han far jobba hardt på fabrikkjen.

Tolv til fjorten timar dag var ikkje uvanleg. Han hadde slete seg te formannsjobben gjønå beinhardt arbeid. Eg kan huska kveldar då han vandra kvilelaust att og fram øve stovegolvet. Då visste me at nok ein arbeidar skulle seiast opp, og at far kvidde seg te å gje vedkomande den tunge meldinga.

”Den tida kan koma,” pleidde han å sei, ”då lysena på fabrikkjen vert sløkt for godt; då båten ikkje lenger legg te kaien her, og då folk må ut av Salhus for å finna seg arbeid.”

Eg lurte ofte på om eg hadde drøymt at han far sa slekt. For korleis skulle Bruvik’en klare seg heilt inn i Osterfjorden utan ein kvilepause i Salhus. Og korleis kunne han far arbeida heilt åleina i fabrikkjen i stummande mørke.

Etter kvart som åra gjekk, forsto me at han far kom te å få rett.

Då mor døydde, hadde tida teke ifrå han arbeidet på fabrikkjen, og med det mykje av kreftena han hadde att i kroppen. Men framleis sat han ivrig framfor kjøkkenglaset, når ei og anna sandskøyte la te kaien for å lossa øve i svære lastebilar, og arbeidet heldt på te seine kvelden.

Det var då robåten vart smadra mot kaien i ein hauststorm, fordi ingen av oss hadde tid te å sjå etter han kvar dag, at den siste gnist av liv forsvann i augene hans far. Korkje lovnader om at me skulle køyra han øve den komande Salhusbrua, for at han endeleg skulle få oppleva Holsnøy frå landsida, eller tilbod om ein fjordtur i den flotte cabincruisaren te broderen, var nok te å lokka fram eit ørlite snev av forventning i han. Tvert imot kunne me sjå han knytta nevane på kjøkkenbordet, mens fjeset la seg i forpinte foldar, kvar gong kaien var full av bussar, eller dei nye sognebåtane freste øve fjorden.

Han far fekk aldri oppleva Salhusbrua.

Han døydde attmed kjøkkenbordet med kaffikoppen i neven, medan vinterorkanen utafør fekk da te å sjå ut som om steinar og gamle tre ville fylgja han i grava, og Vårherre piska kremfløyte på Salhusfjorden.

Kanskje eg e litt løyen, eller muligens berre farga i fantasien...

Men når eg står på Salhuskaien på stille kveldar, og regnet sildrar ned, vert støyen frå biltrafikken på Salhusbrua liksom øvedøyvd av lyden frå kraftige åretak inn mot land.

De skjønar — han far rodde alltid øve Salhusfjorden.

Tore Thorsen

Se utdrag fra Nornarevyen '99!

Publisert: