Dette er turist-favorittane i Bergen

Sjå kva turistane er mest nøgde med.

MEST POPULÆRT: Denne utsikten har imponert hundretusener av turister. Fløyen og Fløibanen er den mest populære attraksjonen i Bergen. Arkivfoto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Adalheidur Oldeide
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

— Du kan sjå rett ned på den vakraste byen i Noreg. Eit fantastisk turområde og ei utsikt du aldri har sett før.

Det er Fløyen turisten snakkar om. Han er éin av nesten 3000 turistar som meiner at Fløyen er den flottaste plassen å besøke i Bergen, ifølgje nettstaden TripAdvisor.

Les også:

Les også

- Kunne like godt budd i ei pappeske på gata

NR 1: Fløyen er den mest populære turistattraksjonen i Bergen.

— Eit «must» for turistarNettstaden TripAdvisor blir stadig viktigare for reisande som vil ha tips til kor ein skal (eventuelt la vere) å ete, sove og feste under ferien. Nettsida har meir enn 340 millionar unike besøkande kvar månad, ifølgje TripAdvisor.

Over både Bryggen i Bergen og Fisketorget, tronar altså Fløyen på topplista over den beste plassen å besøke i Bergen.

— Dette er eit «must» for turistar. Turen er fantastisk, men du må vere forberedt på kø i turistsesongen, skriv ein nøgd turist.

— Den flottaste plassen i Noreg, skryt ein annan.

BESTE RESTAURANT: Spisestedet 1877 på Kjøttbasaren får fantastiske meldingar.

— Beste maten eg har smaktPå nettsida er totalt 262 eteplassar i Bergen vurdert. Den som kjem best ut, er restauranten 1877 på Kjøttbasaren i Bergen sentrum.

— Finn ikkje ein einaste feil. Eit av dei beste måltida eg nokon gong har ete, skriv ein engelsk turist.

— Nydeleg mat med ein vinmeny som passar perfekt. Eg hadde ein perfekt kveld.

Nettstaden skil ikkje mellom uteplassar og restaurantar, men øvst på lista over barar, står Apollon Platebar i Nygårdsgaten.

BESTE HOTELL: Clarion Collection Havnekontoret troner på toppen.

Beste hotell727 personar har vurdert Clarion Collection Havnekontoret som det beste hotellet i Bergen.

— Det er snart ti år sidan det var nytt, men held framleis koken som eit av dei flottaste hotella i byen, skriv ein hotellgjest om hotellet på Bryggen.

- Kan vere brutalt

Reiselivsdirektør i Bergen reiselivslag, Ole Warberg, meiner reiselivsnæringen må ta tenester som TripAdvisor på alvor.

— Det er viktig at hotell og restaurantar prøvar å gjere noko med dei negative kommentarane, men me har inntrykk av at dei tek tenestene mei alvorleg no.

Også bransjesjef i NHO Reiseliv, Wenche Salthella, meiner aktørane må forholde seg til nettsidene.

— Det kan vere brutalt å få negative kommentarar, men det må dei berre forholde seg til. Folk bruker desse sidene, då må me ta dei på alvor, seier Salthella.

— Samstundes er det viktig for reisande å hugse å bruke sunn fornuft. Sider som TripAdvisor treng ikkje vere ein fasit, så reisande kan orientere seg gjennom fleire kanalar i tillegg, seier Warberg.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. - Å bo her ødela ferien min og jeg ber dere heller bo i nærmeste park

  2. Dette er Bergens hemmelige museum

BT anbefaler

Smitten i Bergen er rekordhøy: Se tallene for din bydel og andre kommuner

LES SAKEN