Podkast: – I dag var Siv Jensen som ei statskvinne

Høyr spesialepisoden av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

NOKON MÅTTE GÅ: Gerd Margrete Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll oppdaterer deg med siste nytt i ei spesialutgåve av podkasten «Nokon må gå». Foto: Geir Martin Strande (Arkiv)

Frp går ut av regjering, kunne partileiar Siv Jensen informere om måndag ettermiddag.

– Begeret rant over, sa ho.

Det skapte stor uro i Framstegspartiet i førre veke, då regjeringa kunne annonsere at dei ville hente ei norsk-pakistansk IS-kvinne og hennar to barn til Noreg.

Den nyslåtte eldre- og folkehelseministeren Terje Søviknes seier at han visste om avgjersla om å hente IS-kvinna og barna allereie i oktober. Samtidig slo han fast at partileiinga visste kor mykje sprengkraft det var i saka.

– Men då er det rart at Søviknes gjekk inn som statsråd for berre nokre få veker sidan, seier Morten Myksvoll.

– For om dei visste at dette kunne føre Frp ut av regjeringa, er den einaste logiske forklaringa då er at han likar å flytte.

Les også

Lokale Frp-ere: – Det ble etter hvert så mange konflikter. Da må en ta konsekvensene av det.

Frps utgang opnar dørene for nye statsrådar frå dei tre andre partia.

– Dette er jo den regjeringa Knut Arild Hareide (KrF) gjekk til val på i 2017, så kanskje han kjem inn som statsråd no, spekulerer Jens Kihl.

I staden for den faste spalta «Å Vestland», såg me tilbake på nokre av dei meir gøyale høgdepunkta i Frps regjeringstid. Stikkorda er at nokon gjekk.

– Eg hugsar best Per Sandbergs tur til Iran, som var veldig «ad hukk», seier Gerd Tjeldflåt.

Høyr episoden her eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android).

Publisert