Brann i bustadhus i Sandviken

Rundt 40 personar blei evakuerte og ein er sendt til sjukehus etter brann i Nyhavnsveien i Sandviken.

EIN TIL SJUKEHUS: Ein person blei sendt vidare til sjukehus med røykskader etter først å ha vitja legevakta. 2211-tipsar

SISTE: Fleire av bebuarane har fått kome tilbake til leileghetane sine. Det opplyser Tatiana Knappen, politiførstebetjent ved operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.

— Det brann i andre etasje, og dette spreidde seg til tredje etasje. Det er også vasskadar i første etasje, seier Knappen.

Klokka 00.50 fekk brannkorpset melding om at det brann i eit bustadhus i Nyhavnsveien i Sandviken.

— Det er opne flammar på begge sider av bustadhuset. Me har tre patruljar på staden, sa Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland til BT like etter klokka 01.

SLØKT: Brannen blei meldt sløkt klokka 01.15. 2211-tipsar

Ifølgje brannvesenet var det ingen personar att inne i huset då brannkorpset kom på staden.

— Alle som var inne i bustaden kom seg ut på eigehand.

Klokka 01.15 meldte brannvesenet at brannen var sløkt.

— Det er ikkje fare for spreiing. Me veit førebels ikkje kor store skadane er, eller kva som er årsaka til at det tok til å brenne, seier Lunde.

Ein til sjukehus

Hordaland politidistrikt fortel onsdag morgon at totalt åtte personar fant seg ein annan plass å sova etter brannen.

Ifølgje operasjonsleiar Arve Samsonsen fekk to personar legebehandling.

— Me kjenner ikkje til årsaka til brannen, eller kor den starta. Politiet vil starte sitt arbeid på staden så snart det er klart, sier han.

Ifølgje Knut Ellersten, leiar ved brann- og tjuveriavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon, vil brannetterforskare observere staden fra utsida. Krimteknikare vil sannsynlegvis ikkje ta seg inn på staden i dag.

Skadene skal vere forskjellig frå leilegheit til leilegheit i bustadhuset.

— Totalt er seks leileghetar ubebuelige, som følgje av røyk- og vasskadar, seier Samsonsen.

Ikkje smitteområde

Brannvesenet sin siste eining på staden returnerte kl. 04.00 i natt, opplyser Arne Corneliussen ved 110-sentralen.

— Et privatselskap held på med restverdisikring no, seier han.

Han opplyser at det ikkje er snakk om eit brannsmitteområde.

Kring 40 bebuare blei evakuert og får tilbud om oppfølging.

— Nokon av dei evakuerte blir varetatt på hotell Scandic Bergen Airport. Kommunens psykososiale kriseteam er varsla for å hjelpe dei som treng hjelp, seier kommunaldirektør Anne Iren Fagerbakke.