Varme til den store ullmedaljen

Hundrevis av oransje skjerf lyste opp Bergen sentrum den første novemberdagen. For å minne oss om at ikkje alle gler seg til jul.

ORANGE IS THE NEW BLACK: Tysdag morgon poserte statuen i Sjømannsmonumentet med nytt skjerf. EIRIK BREKKE

På skulpturar, over benkeryggar, i gjerdestolpar. Dugnadsgjengen i Kirkens Bymisjon var grytidleg på pletten tysdag morgon.

Dei sette farge på byen.

Bergensarane som hasta gjennom sentrum kort tid etter, kunne ikkje unngå å leggje merke til fargeklattane. 700 oransje skjerf, strikka maske for maske av frivillige, for å halde eit anna menneske varm.

EKSKLUSIV KOLLEKSJON: Ser du eit oransje skjerf i Bergen sentrum, er det berre å ta det på. EIRIK BREKKE

Og ja, meininga er at du skal ta eitt og bruke det.

Kvir seg til jul

Skjerfa er ikkje berre ei gåve til folk som frys, men også ei påminning om at ikkje alle gler seg til jul. For mange er førjulstid og julehelg tvert om ei ekstra tøff tid.

Ei undersøking gjennomført av Kirkens Bymisjon i fjor, viste at 125.000 nordmenn kvir seg til jul. Årsakene er ofte rusproblem, fattigdom eller einsemd.

I fjor som i år, oppfordrar den landsomfattande juleaksjonen «Gled en som gruer seg til jul» alle til å gi to julemiddagar til nokon som treng det. Maten blir servert på bymisjonens møtestader og kafear i desember.

I fjorårets aksjon fekk Kirkens bymisjon inn 50 millionar kroner.

– Varmt hus og god mat

Sjølve julekvelden blir det også i år gratis pinnekjøt og gang rundt treet for alle som vil i Korskirken i Bergen. Linda Amundsen arbeider som frivillig, og skal feire sin tiande julekveld i kyrkja.

– Julaftan er krevande for mange, men her er det varmt hus, god mat og eit flott fellesskap. Alle som kjem hit, blir sett og tekne vare på. Det er noko vi alle treng, seier 66 -åringen.

JULEKVELD FOR ALLE: I ti år har Linda Amundsen feira jul i Korskirken i Bergen. EIRIK BREKKE

– Kva hadde du gjort på julekvelden om du ikkje kom hit?

– Eg hadde site heime utan familie.

Årets «varmaste» dag

Eit høgdepunkt kvar julekveld i Korskirken, er når Oddbjørn Hesjevoll les juleevangeliet på malmfull nynorsk. Den pensjonerte skodespelaren er fast gjest i kyrkja julaftan.

Les også

Han spelte Ibsen. No er han ein av «rufsegutane»

SKJERF NOK TIL ALLE: Camilla Grimsby kler Oddbjørn Hesjevoll opp i oransje. Marit Bakkebø (til venstre) stilte klokka 6 tysdag morgon for å pynte byen med skjerf. EIRIK BREKKE

– Eg har vore her ti år på rad, minst. I fjor var vi 500, fortel han.

Tysdag morgon åt Hesjevoll frukost i Korskirken saman med dugnadslaget som fylte byen med skjerf. Også han med oransje skjerf under det raude skjegget. Det kom godt med, sjølv om Kirkens bymisjon hadde utpeikt 1. november til årets varmaste dag.

Utanfor var det sju grader.