Minnestund for Monika (8)

Minnestund1.jpg
Minnestund4.jpg
Minnestund2.jpg
  • Vi veit aldri kva som skjer i morgon.
  • Jo Hjelle
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

Eit bilete av 8 år gamle Monika Sviglinskaja stod på eit bord saman med blomar og tende lys. Dei vel 200 frammøtte sette tende lys på bakken framfor bildet.

Tale av mora

Den stille forsamlinga fekk høyra ein liten tale skriven av mora som fann Monika død sist måndag. Både barn og vaksne stod i mørke på plassen framfor kommunehuset og høyrde helsinga hennar.

Les også

[No available link text]

Ei venninne av mora framførte talen på litauisk. Talen vart avslutta med ei bøn.

Ein tolk gjentok etterpå eit kortare utdrag av talen på norsk.

— Godt å visa medkjensle

— Tusen takk til alle som er samla her, for at de vil vera saman med meg i sorga. Vi veit aldri kva som skjer i morgon, sa tolken på vegner av mora.

Ordførar Ove Trellevik deltok også i minnestunda.

— Det er godt for oss å få vist medkjensle, og det er godt for dei sørgjande å oppleva at vi bryr oss, sa han.

Det er det litauiske miljøet stod bak minnestunda. Prest frå både den norske og katolske kyrkja var invitert til å sei nokre ord.

Publisert:
MINNESTUND: Over 200 litauerar og nordmenn samla seg til minnestund i Sund.